Utvekslingsavtale med det eldste universitetet i ”den nye verda”

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Internasjonal koordinator Cecilie Wilhelmsen var på privat besøk på den Den dominikanske republikk i førre veke, men nytta også høvet til å besøke Universidad Autonoma de Santo Domingo med tanke på mogeleg student- og lærarutveksling. Ho vart overstrøymande motteken, og både rektoratet og internasjonalt kontor var svært interesserte i å inngå ein avtale med Høgskulen i Volda.
- Universidad Autonoma de Santo Domingo har ein rekkje spanande fagmiljø, frå humanistiske fag til mediefag, samfunnsfag og lærarutdanning, fortel Cecilie.

 

DSCF0790_520

Leiar for internasjonalt kontor, Lic. Rico Billini de Franco og Cecilie Wilhelmsen (t.v.) frå Høgskulen i Volda.

Spennande kultur

 

Den dominikanske republikk har ein fascinerande historie og ein spanande blanding av kulturar. Landet som har nokre av verdas flottaste strender og frodigaste regnskogar, har ein folkesetnad der meir enn 60 % lever under fattigdomsgrensa.
- Det er enorme forskjellar mellom fattig og rik, og Høgskulen i Volda ser det som svært interessant å kunne ta imot m.a. kvotestudentar frå dette utviklingslandet, fortel Cecilie Wilhelmsen.
- Det vil også vere interessant for Volda-studentar å tilbringe eit semester på Den dominikanske republikk, eller for fagtilsette å ha studieopphald i landet.

 

CALLE-DUARTE-ABAJO_520

DSCF0822_520

DSCF0781_520

DSCF0780_520

DSCF0778_520


DSCF0715_520

Skilnader i levestandarden er store, og som turist går fattigdommen og forureininga sterkt innpå ein, kommenterer Cecilie etter turen.

 

 

Del på