Utvekslingsavtale med universitet i Sør-Afrika

Tekst: Webmaster Volda

Jacob Kjøde jr. kom for kort tid sidan tilbake frå ferie i Sør-Afrika, der han nytta høvet til å besøke eit av dei største universiteta i verda, University of Kwazulu-Natal, i Durban. Universitetet som har om lag 40.000 studentar, er ein ynda samarbeidspartnar for utdanningsinstitusjonar verda over (har avtale med 260 universitet), og vi er difor ekstra stolte over at dei har valt å inngå avtale med Høgskulen i Volda, seier Kjøde jr.

124_2476

F.v: Nicky Latchiah ved internasjonalt kontor i Durban, høgskuledirektør Jacob Kjøde jr frå Høgskulen i Volda og Dr. Roshen Kishun som er leiar ved internasjonalt kontor i Durban.

Breitt fagleg spekter
University of Kwazulu-Natal har fire campusar, og dei passar nesten som "hand i hanske" i forhold til våre tilbod. Anten du studerer sosialfag, kyrkjefag, planlegging, historie, språk, mediefag eller tek lærarutdanning, vil du kunne finne tilsvarande fag ved Kwazulu-Natal. Det er såleis relativt enkelt å få til ei utveksling til dette fascinerande landet, kommenterer internasjonal koodinator Cecilie Wilhelmsen ved Høgskulen i Volda.

Semestra der nede startar i midten av februar og går til medio juni. Andre semester startar 1. august og går til byrjinga av desember. Du kan også ta del på "International School" som tilbyr internasjonale studentar fem vekers intensivt studieprogram frå slutten av juni til byrjinga av august. Universitetet har fire ulike campusar, alle plasserte i og omkring Durban, og universitetet er hjelpsam med å finne bustad på campus.

Interessert? Du får vite meir på Internasjonal dag 19. januar eller ved å vende deg til Internasjonalt kontor.


bygningb

Howard College Campus ved University of Kwazulu-Natal i Durban

124_2481_r1

Representantar frå Senter for kulturproduksjon ved University of Kwazulu-Natal i Durban

Del på