Val av studentrepresentantar til Høgskulestyret

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

  • Nominasjonsperioden vil vere frå 3.-11. september kl. 12.00.
  • Svarfristen for dei nominerte er 16. september kl. 14.00.
  • Valkamp for studentrepresentantane frå 24.-28. september.
  • Førehandsrøysting frå 28. september til 5. oktober kl.15.00.
  • Valdagen er 7. oktober mellom kl. 09.00-15.00 i Berte Kanutte-huset, utanfor STiV-kontoret.


Manntalet er det same som registrerte studentar. Alle må kontrollere om dei er registrerte som studentar og dermed står oppførte i manntalet før 24. september. Dette er klagefristen dersom ein ikkje er manntalsført.
Studentar kan kontrollere Studentweb for å sjå sin registreringsstatus, eller sjekke manntalslister som vert lagt ut i resepsjonane i Berte Kanutte-huset og Henrik Kaarstad-huset frå 1.september til 24. september.

Dei som ikkje står oppført i manntalet har klagefrist 24. september.

Ta personleg kontakt med studentkontoret, 1. etg. i Berte Kanutte-huset dersom ein ikkje er registrert i Studentweb. (manntalsført).

Nomineringsprosessen

Ein kan nominere kandidatar til val i perioden frå 3. september til 11. september i urna i resepsjonen Berte Kanutte-huset.
Les meir i valreglementet om nominasjon og gjennomføring av val. d30a5be268ad1eeda188eaa3ba1e2f060aa4117c
Last ned nominasjonssetel d30a5be268ad1eeda188eaa3ba1e2f060aa4117c eller hent denne i resepsjonen i Berte Kanutte-huset og Henrik Kaarstad-huset.

Les meir i valreglementet om nominasjon og gjennomføring av val på STiV sine valsider og www.hivolda.no/val

Del på