Valresultat: Studentrepresentantar til høgskulestyret

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Valstyret gjennomførte val av studenrepresentantar til HVO-styret.  I alt var det 4 kandidatar. Medrekna førehandssvalet var talet på stemmer 49, derav 1 førehandsstemme.

Valresultat:


Faste medlemmar av styret fram til hausten 2009:

Antonsen, Ida Marie (24 stemmer)

Tafjord, Sølve (19 stemmer)


Vara til styret fram til hausten 2009:

Bolseth, Sunniva Selena (19 stemmer) (1. vara)

Opsal, Erik (17 stemmer) (2. vara)

Ida Marie Antonsen
Eg er 22 år og studerer skuleretta samfunnsfag som tredje året i allmennlærarutdanninga (Avdeling for samfunnsfag og historie).
Nokre av sakene som opptek meg er å redusere mengda obligatorisk undervising, styrke rettleiing og oppfølging gjennom heile studiet, både på høgskulen og ute i praksis, i tillegg til å legge til rette for at studentane skal verte høyrde i saker som vedkjem dei.

Sølve Tafjord
Eg er 22 år og studerer andre året på Bachelorgradsstudiet informasjon og media, og eg vil arbeide for eit betre studiemiljø og ein grønare skule.

Sunniva Selena Bolseth
Eg er 26 år og studerer samfunnsvitskap ved Avdeling for samfunnsfag og historie, og eg ynskjer å arbeide for eit godt studiemiljø og ein grøn skule.

Erik Holsvik Opsal
Eg er 26 år og er no midtvegs i ein ny bachelorgrad i språk og litteratur her ved høgskulen. Dette året tek eg engelsk årsstudium og kulturstudiet "An introduction to modern Japan".
Saker som eg vil arbeide for dersom eg kjem med i høgskulestyret, er mellom anna gode arbeids- og læringsforhold for studentane, godt samarbeid mellom studentar og undervisningspersonale og godt psykososialt miljø ved Høgskulen i Volda.

Les meir om valet Stiv sine heimesider

Del på