Vampyrisk dans på Internasjonal dag

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

3e84dc99a9a20aad7c690ac9e14314743570491eDANSEINNSLAG: Varvara Ponomarenko (20 frå Ukraina) og Lio Ciobanu (23 frå Moldova) med deira blodtørstige danseinnslag. Foto: Iris Engen Skadal

- Vi blandar tradisjonell folkedans og moderne, for å reflektere både gammal tradisjon og notidas modernisme, forklarer Lio. Ho har gledd seg stort til premieredagen, der ho og medstudent Cosmin Ivascu frå Romania spelar mot kvarandre i ein teatralsk, sensuell pardans i ei fullsett kantine på Berte Kanutte. På sidelinja fortel Varvara historia om kjærleiken mellom dei dansande elskarane, med innslag av song.

- Vampyren vil ha meg, men både eg og han er hjarteknusarar, så det blir ganske heitt. Eg trur det skal ende med at han bit meg eller noko, men eg er ikkje heilt sikker, ler Lio, som er nøgd med å få vere eit av hovudinnslaga når utvekslingsstudentar frå alskens land møtast for å spreie reiselyst, informasjon og danseglede i Høgskulens korridorar.

Dei to jentene har òg brukt mykje tid på å pynte standane sine for reiseinteresserte medstudentar. Og med alt frå Japan til Irland og Spania tilstades i lokalet var det ikkje fritt for at konkurransen vart hard mellom bodene. Då  har Lio sikra eit par lokketriks på innerlomma.

– Eg brukar å smile ekstra, blunke litt, og spele på sjarmen. Og viss det ikkje fungerer går eg over til å poengtere at vi har mykje betre mat enn dei andre. Det er ein sikker vinnar, ler jenta frå Moldova. Ho innrømmer at det ligg mykje tankekraft bak den endelege utforminga av standen. – Det er vanskeleg å skulle plukke ut berre ein 5-10 bilete som skal gjenspegle alt ved heimlandet. Det er alltid noko ein må velje vekk, fortel Varvara. Både ho og Lio føler likevel at dei har klart å gi eit nokså heilskapeleg bilete av landa sine gjennom både mat, gjenstandar og bilete.

– Mange studentar har komme bort for å sjå på bodene, og særskilt har det vore fleire norske interesserte. Det vitnar om at vi har oppnådd suksess, smiler dei.

Del på