Var med på spørjeundersøking: Vann iPod

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

I undersøkinga, som Studentbarometer i Bergen utførte for høgskulen, vart det spurt om ei rekkje forhold som korleis ein først fekk informasjon om HVO, viktigaste kjelder for informasjon, kvifor ein valde Volda, kvaliteten på kontakt og sørvis, studentmottak og innføringsveke m.m.

2080f2cbb1d5046755b09afabc40f4ffb2cb5228
Stolt vinnar av iPod. - Volda er nær heimstaden min. Eg hadde også høyrt veldig mykje bra om studentmiljøet i Volda, svarar Elisabeth på spørsmål om kvifor ho valde Volda.

Interessa for sosialt arbeid vart vekt medan ho gjekk på vidaregåande skule. Der vart ho kjend med ein annan elev som hadde det vanskeleg på mange måtar. Det offentlege hjelpeapparatet var kopla inn.

Elisabeth Øie Norhagen kan fortelje at dei fleste forventningane til Volda så langt er innfridde. Innføringsveka var veldig bra med flinke fadrar som kunne vise veg på campus og i Volda.

Overgangen frå å vere elev i vidaregåande til å vere student med større ansvar for eiga læring, var rett nok større enn ho hadde rekna med. Arbeidsmengda er større.

- Ein må utvikle gode studievanar. Det kan straffe seg å begynne å lese til eksamen for seint, ler ho utan å utdjupe det noko meir.

Del på