Vårkonsertane i Volda

Tekst: Webmaster Volda

Det er med andre ord duka for to lette og lystige kveldar i Berte Kanutte-huset desse dagane. Koret stiller med solistar og orkesteret med nokre forsterkingar, og som leiar for begge står denne gongen Leif Barmen. Han er musikklærar ved høgskulen og er også kjend bl.a. som dirigent for Ørsta Hornmusikk. Noko av musikken han har valt ut, vil vere kjend for dei fleste, medan andre innslag vil vere nye for publikum. Altså; her skulle det vere noko for einkvar smak!

Konferansier er nyvalt leiar i Studenttinget i Volda (STiV), Anette Aune Hauge. Ho er 21 år gamal, kjem frå Oslo og studerer musikk ved høgskulen. Hennar medstudentar frå musikkstudia utgjer Høgskulekoret, som også bidreg med solistar. Vi får høyre songarane Christine Asheim Bildøy, Kristin Bolstad, Tone Rustestuen og Ingvild Elgtvedt i nokre av solistinnslaga.

Tyrkisk folkedans
Utanom song og musikk, er vi også så heldige at vi har med ei utanlandsk profesjonell dansarinne, Müge Akyildiz. Ho kjem frå Anadolu University i Tyrkia, og er utvekslingsstudent på Høgskulen i Volda dette semesteret. Ho er ”artistic dancer” og vil framføre tyrkisk folkedans for oss. Dans blir det også frå ei studentgruppe i koret. Dei har komponert ein dans dei vil framføre i eit av orkesterstykka.

Dette blir altså to varierte og morosame kveldar vi vil oppmode alle om å få med seg! Vi vonar stemninga vil vere høg både før, under og etter konsertane. På vegne av kor og orkester ved Høgskulen, ynskjer eg med dette alle hjarteleg velkomne til vårkonsertane i Volda!

symf-plakat

Laurdag 12. mars kl 18.00
Sundag 13. mars kl 18.00
Berte Kanutte-huset

Barn/student: 50,-
Pensjonistar: 100,-
Vaksne: 150,-
Familie: 300,-

Del på