Veka treng redaktørar

Tekst: Webmaster Volda

- Veka 07 treng redaktørar for Veke-TV,Veke-radio og Veke-avisa. Det er viktig for det nye Veke-styret å få desse nøkkelpersonane på plass så fort som råd. Kvar redaktør får setja saman sin redaksjon og leggja opp korleis dei vil dekkja Veka 07. Det er ikkje så lenge til februar, så vi vil gjernehar desse redaksjonane i gang med planleggjinga alt i oktober, seier PR-sjef Bjørge.

Veke-radioen har brukt å ha sendingar kvar dag under Veka og Veke-TV hadde fem sendingar i fjor. Avisa er som vanleg planlagt å koma ut midt under Veka. Redaksjonane vil samarbeida tett med PR-sjefen for Veka og grafisk gruppe.

Kunne DU tenkt deg å vera fjernsynsredaktør for ei veke? Gje ut di eiga avis eller laga radio? Lurer du på meir? Send ein søknad eller ta kontakt med PR-sjefen på e-post, presse@veka.no , innan fredag 13. oktober.

Ragnhild Ølnes

Leiar for Veka 07

Del på