Vekemedia treng folk!

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Veka-avisa treng journalistar, fotografar og typografar. Veka-radioen treng reporterar, og det same gjeld Veka-TV som i tillegg treng kamerafolk.

svartveit-melding
- Det blir informasjonsmøte om vekemedia og behovet for medarbeidarar måndag 21. januar kl. 18.00 på Aasen-auditoriet, seier Mari Svartveit.

- Dette er spanande utfordringar for alle studentar, og ei morosam erfaring å ha med seg vidare, seier Svartveit som spesielt etterlyser folk frå andre studium enn media.

- Det blir litt jobbing nokre veker før sjølve Veka, i tillegg til jobbing under Veka. Men dette er berre ei kjekk erfaring der du jobbar i team saman med mange andre, og får litt meir ut av Veka – som er årets høgdepunkt i Volda.

Meld di interesse, og send ein mail til presse@veka.no  eller vekeradioen@veka.no, eller ta direkte kontakt med redaktørane for Vekamedia:

  • Avis: Kia Cecilie Wigdahl, tlf: 93204785
  • TV: Frank Brovold, tlf: 98084089
  • Radio: Kari-Therese Eia, tlf: 90039513 eller Mari Svartveit, tlf: 47620708.

veka07_520

Les meir om veka neste år

Del på