Vel eit godt studentting!

Tekst: Webmaster Volda

Studenttinget i Volda består av 12 studentar og er det øvste organet i studenttinget i Volda. Det er desse som bestemmer kva studenttingsstyret skal arbeide med til dagleg. Dei har møte om lag tre gonger i halvåret.

Det er her dei store sakene vert løyste, og vedtekter og arbeidsprogram vert vedtekne.

– Dette kan høyrast kjedeleg ut, men det er ein viktig jobb, og det er mange utfordrande saker gjennom året, lover STiV-leiar Ole Martinus Breivik.

– Dersom ein har vore med i elevråd eller liknande før, vil ein like å vere med i STiV!

Valurnene
Valurnene er opne i Berte Kanutte-huset desse tidene:

- Tysdag 23. september 12.00-16.00
- Onsdag 24. september 10.00-16.00

Dersom du vil vere med å velje det rette studenttinget, er det berre å stemme! Akkurat di stemme er viktig, så STiV håper å sjå deg under valet!

Del på