Vil du ha kontakt med utanlandske studentar?

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Å vere kontaktperson / famile kan innebere: - å be ein student (eller fleire - vi tilrår to eller tre saman) heim til prat og gjerne mat, eller på køyretur, fjelltur, konsert, kinobesøk el.l.Det er opp til den einskilde å velje "stil" og innhald. Men det er kjekt om studentane vert bedne minst to gonger, slik at dei ikkje er redde for å ha sagt eller gjort noko upassande første gongen.

Å vere vennefamilie inneber IKKJE å vere "støttekontakt" eller å hjelpe studentane med praktiske saker.Kontakten treng heller ikkje å bli følgd opp utan at dette fell naturleg.Alle studentane på NUS kan godt engelsk, men vi vonar likevel at de vil samtale mest mogeleg på norsk.

Studentane som ønskjer vennefamiliar dette året, er frå desse landa og skal studere desse faga vidare:

Kina: Her er heile elleve studentar frå Kina, fem menn og seks kvinner. Dei skal studere vidare i Ålesund, Bergen og Sogndal neste år: matteknologi, innovasjonsleiing og entrepenørskap, økonomi og administrasjon, ingeniør, maritim utdanning, eksportmarknadsføring, dramapedagogikk turisme og reiseliv

Taiwan: Ein kvinneleg student skal studere eksportmarknadsføring i Ålesund

Kenya: Det er to kvinnelege studentar frå Kenya i år og to mannlege. Tre tek bachelorgrader i Volda: i idrett og frilutsliv, i musikk, i media, IKT og design, og den fjerde skal ta ein bachelor i maritime fag i Stord/Haugesund.

Tanzania: Vi har to studentar frå Tanzania, ei kvinne og ein mann. Dei skal begge byrje på ein mastergrad i samfunnsarbeid i Bergen neste år.

Etiopia: To kvinnelege studentar frå Etiopia skal til Bergen for å ta ein mastergrad i kunnskapsbasert praksis i helsefag.

Malawi: Ein kvinneleg student frå Malawi skal ta ein mastergras i spesialpedagogikk dei neste åra i Volda.

Moldova, Serbia, Ukraina, Romania og Russland: Vi har også studentar frå desse landa, men desse kjem frå Europa og fleire av dei har allereie ei sosial tilknyting eller eit nettverk her i landet og nærområdet. Derfor vel vi å prioritere dei som kjem frå andre verdsdelar – og som kanskje treng eit slikt tilbod aller mest.

Ta kontakt på e-post eller ring (sjå under) dersom du/de ønskjer å vere vennekontakt/familie, så formidlar vi kontakt vidare.

Du bør gi opp namn og adresse, telefon og gjerne e-post. Du bør også skrive kor mange studentar du ønskjer å vere kontakt for. Er du særleg interesssert i studentar frå eitt bestemt land eller som skal studere noko bestemt, er det fint om du vil nemne dette. Til slutt er det fint om du kan gi opp tid og stad for det første møtet.

Vi er takksame for svar seinast måndag 15. september!

Kjenner du andre utanfor arbeidsplassen din som kunne vere interesserte? Send gjerne e-posten vidare.

Ta kontakt viss det er noko anna du lurer på!

På førehand takk for interessa!

Hilde Osdal

700 75142

-NUS-

hilde.osdal@hivolda.no

 

Reidun Aambø

700 75138

-NUS-

ramb@hivolda.no

 

Astrid Gjersdal
700 54026

-Frivilligsentralen-

frisentvolda@c2i.net 

Del på