Vil du vere vennekontakt med internasjonale studentar?

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Av Astrid Gjersdal

Mange tidlegare NUS-studentar ved Høgskulen i Volda har hatt vennefamiliar/vennekontakt. Dei har sett stor pris på å ha denne kontakten med "dei innfødde".

– Å studere i utlandet kan vere spennande, men også einsamt og forvirrande, særleg i byrjinga, kommenterer Osdal.

– I alle høve er det godt å kjenne seg velkomen i bygda, så vel som på skulen. Når ein bur på hybel i eit framandt land, er det godt å få kome inn i ein heim.


146a8e9abc7d6e55a192921f7da83454db6614f5

Å vere vennekontakt / -famile kan innebere å be ein eller fleire studentar, gjerne to eller tre saman, heim til prat og gjerne mat, eller på køyretur, fjelltur, konsert, kinobesøk osv.

– Det er opp til kvar vennefamilie å velje omfang og innhald. Men det er kjekt om studentane vert bedne minst to gonger, slik at dei ikkje er redde for å ha sagt eller gjort noko upassande første gongen.

– Ein skal ikkje vere "støttekontakt" eller å hjelpe studentane med praktiske saker, understekar Osdal, og seier at kontakten ikkje treng å bli følgd opp utan at det fell naturleg. Alle studentane snakkar engelsk, men vi vonar likevel at de vil samtale mest mogeleg på norsk, seier ho.

Studentanepå NUS-studiet som ønskjer vennefamiliar dette året er frå desse landa og skal studere desse faga vidare:

  • Kina: Tre studentar frå Kina, alle kvinner. Dei skal studere vidare i Ålesund neste år: økonomi og administrasjon, eksportmarknadsføring og skipsdesign
  • Kenya: To studentar er frå Kenya, ei kvinne som skal ta ein bachelor i maritime fag på høgskulen i Stord/Haugesund, og ein mann som skal studere reiselivsleiing i Sogndal
  • Tanzania: Fire studentar er frå Tanzania, to kvinner og to menn. Tre skal byrje på ein mastergrad i samfunnsarbeid og ein skal studere fysioterapi i Bergen neste år.
  • Malawi: Ein mannleg student frå Malawi skal ta mastergrad i spesialpedagogikk her i Volda.
  • Russland: Ein kvinnleg student skal ta sjukepleieutdanning på høgskulen i Stord/Haugesund
  • Moldova: To kvinnlege studentar, - ei skal ta mastergrad i spesialpedagogikk og ei skal ta mastergrad i helse- og sosialfag her i Volda
  • Ukraina: Ein kvinnleg student skal studere til maskiningeniør på høgskulen i Stord/Haugesund
  • Romania: To kvinnlege studentar, - begge skal ta mastergrad i samfunnspanlegging her i Volda
    Serbia: Ein mannleg student skal bachelorgrad i fysioterapi på høgskulen i Sør-Trøndelag
  • Filippinane, Brasil, Ungarn og Russland: Vi har også studentar frå desse landa, men dei har allereie ei sosial tilknyting eller eit nettverk her i landet og nærområdet. Derfor vel vi å prioritere dei som ikkje har slik tilknyting frå før, og som kjem frå fjerntliggande land. Ønskjer du likevel å verte kjend med studentar frå nett desse landa, så er det berre å kontakte oss.


Dersom du ønskjer kontakt, sende ei melding eller ring.

Vi er takksame for svar seinast fredag 14.oktober.

Kontakt Astrid Gjersdal ved Frivilligsentralen, post@frivillligvolda.no eller telefon 70 05 88 48
eller Hilde Osdal ved Høgskulen i Volda på  70 07 51 42, hilde.osdal@hivolda.no.

Del på