Volda Filmteater:”Wallace og Gromit" med innleiing av Gunnar Strøm

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Allereie før animasjonsutdanninga i Volda kom skikkeleg i gang, vitja Peter Lord høgskulen.Han kom tilbake for nokre år sidan, og dei to siste åra har hovudanimatør Dave Osmandfrå Aardman vore fast gjestelærar i Volda.Fleire av vore studentar har vore i praksis hos Aardman i Bristol.Nokre har også arbeidd der i periodar.

Frå dei to kameratane Peter Lord og David Sproxton laga sine første animasjonar heime på kjøkenbenken tidleg på 70-talet, har dei gradvis bygd opp Aardman til å bli det leiande dukkefilmstudioet i verda.

- For 15 år sidan synte vi ein flott retrospektiv over Aardmans karriere på Volda Filmteater.Då hadde dei akkurat fått sin andre Oscar-statuett for ”Wallace og Gromit og dei gale buksene”, fortel Strøm.

Sidan har det blitt ein Oscar til og to animerte langfilmar.No toppar ’Wallace og Gromit og varulvkaninen’ kinolistene over heile verda.

 

strom-melding

Førsteamanuensis Gunnar Strøm ved animasjonsutdanninga i Volda.

- Regissøren Nick Park er truleg den beste animasjonsfilmskaparen i verda når det gjeld å nytte animasjonsmediet til å lage filmatisk fullkomne forteljingar.Det er ei stor glede å kunne presentere dette nye meisterverket på Volda Filmteater, avsluttar førsteamanuensis Strøm.

Volda filmteater fredag 28.oktober kl 22.00

Del på