Volda-student blir heiltidspolitikar

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

På landsmøtet til Studentenes Landsforbund (StL) i helga vart Olav Øye frå Høgskulen i Volda valt til ny internasjonalt ansvarleg i StLs styre. Han flyttar til Oslo og byrjar i fulltidsvervet 1. juli.

- Internasjonalt ansvarleg i StL er det mest spennande og sexy vervet ein kan ha i norsk studentpolitikk, seier 23-åringen.

Valspråket til trønderen var ”Verda for nordmenn og Norge for utlendingar”.
- Noreg er eit lite land i Europa og verda, og vi må heile tida søke impulsar utanfrå. Utdanningsinstitusjonane våre bør sende ut og hente inn fleire studenter på utveksling enn dei gjer i dag, seier Øye.

23-åringen har tidlegare site i styret for Studenttinget i Volda (STiV) og Studentsamskipnaden for Sunnmøre.

Leiar Øyvind Bakke i StL studerte historie ved Høgskulen i Volda før han vart sjef for organisasjonen for snart eitt år sidan.
- Svært mange Volda-studenter har markert seg i StL i løpet av organisasjonens ti-årige historie, seier Bakke.

StL representerer rundt 100 000 studentar ved omlag 30 høgskular og andre offentlege utdanningsinstitusjonar, og kjempar for studentane sine økonomiske, faglege, sosiale og demokratiske interesser.

Del på