Volda studentidrettslag startar Ju Jitsu-trening

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

AV: Hanne Marie Molde

Kvar tysdag kveld får medlemmane i VSI høve til å trena Ju Jitsu og sjølvsforsvar i Idrettsbygget.

 

Meir enn rå styrke

Ju Jitsu er eit japansk uttrykk som tydar ”kunsten å gå med på”. Sporten har fått dette namnet fordi ein brukar kraft og åtak frå motstandaren til eigen fordel. I Ju Jitsu vert slag og spark brukt for å svekka motstandaren, kast for å få han ut av balanse, haldegrep for å hindra rørsle, og låser for å kontrollera.

-- I Ju Jitsu vert mental merksemd og disiplin lagt like mykje vekt på som fysisk trening. Ein nyttar dugleik og kunnskap, meir enn rå styrke, står det på heimesida til VSI.

 

Kampkunst for alle

 

Gjennom VSI sine Ju Jitsu-treningar vil det verta høve til å ta ulike belte. Graderingar tar ein ved hovudkvarteret Honbu i Ørsta.

-- Me håpar på å sjå mange på trening. Kampkunsten er for alle, uansett alder, kjønn og kroppsbygnad, skriv Kvangarsnes.

Del på