Volum Filmklubb klar med haustprogrammet

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Vi har arbeidd for å få til eit breitt og variert program med filmar i ulike sjangrar: frå metal til rap, konsertar og dokumentar, gammalt og nytt. Det blir med andre ord musikk for alle aldrar og smakar, forsikrar Andersen som kan servere smakebitar frå det rykande ferske programmet.

 

Andersen-meld_1

Filmklubbleiar Pål Flodin Andersen er stolt av å kunne presentere eit variert og spanande haustprogram.

- Fyrst ut er Hedwig and the Angry Inch. Det er ein musikal frå 2001 om ein transseksuell rock-punk-contry artist i USA. Ein tøysete og vakker glamrockmusical, smiler Andersen.

 

Vidare utover hausten få publikem sjå filmskapar Nick Broomfields sin innsats for å avsløre sanninga kring morda av Tupac Shakur og Notorious B.I.G. Filmen fekk strålande omtalar då den kom i 2002. Også metal-sjangeren får sendetid med filmen Metal: A Headbangers Joruney. Filmen skildrar utviklinga av metal-sjangeren frå 1970 og fram til i dag.

- Men vi syner også filmar av eldre dato. To døme er The Wall og A Hard Days Night som omhandlar dei legendariske banda Pink Floyd og The Beatles. A Hard Days Night sette i si tid standarden for dagens musikkvideoar, fortel Pål Flodin Andersen ivrig.

Ei sosial ramme

Volum Filmklubb har valt Studenthuset Rokken i Volda som ramme rundt framsyningane sine, og understrekar med det fleirbruksfunksjonen til Studenthuset.

- Storsalen i Rokken er unik sidan vi lettare kan skape ei sosial atmosfære kring filmframsyningane. Tilskodarane får høve til å kjøpe ein kopp kaffi eller eit glas vin under framsyninga og det er lettare å arrangere diskusjonar, konkurransar med meir. For dette er nettopp essensen i filmklubbtilbodet. Ein skal få meir ut av kinokvelden enn berre å sjå ein film, seier Andersen og legg til at storskjermen og høgtalaranlegget på Rokken er absolutt godt nok til at ein får kinokjensle når ljoset vert sløkt, samtalene stilnar og musikken dundrar ut av høgtalarane.

 

styret-meld_1

Styret i Volum filmklubb: Pål Flodin Andersen, Sara Marie Vollset, Silje Vinorum Stoltz, Mats Rummelhoff, Stig Wålberg, Børre Fredheim og Ann Kristin Einbu.

Når Volum Filmklubb no snurrar i gong haustsesongen blir det altså musikk for ein kvar smak i kinomørkret. Det nye styret oppmodar alle musikk- og filminteresserte om å melde seg inn i klubben.

...................

 

Volum filmklubb viser:

Hedwig and the Angry Inch

Rokken, tysdag 5. september

Kl. 20.00

Medlemskap, 1.semester: 50,-

Billett: 30,-

hedwig-meld_1

Ein tøysete og vakker glamrockmusikal. Vi følgjer Hedwig i tjukt og tynt: når ho heitte Hansel og drøymte om å flykte til USA for å bli rockestjerne. Når ho sit med eit knus hjarta og ei stusseleg campingvogn i ein amerikansk trailerpark, no som nesten kvinne (med unntak av ein liten ”angry inch”). Når ho startar sitt fyrste rockeband med koreanske husmødrer. Når ho blir forråda av sin store kjærleik, Tommy Gnosis, som stel songane hennar og blir rik og berømt. Når ho – og det kledelege kalla backingbandet The Angry Inch, forfølgjer Gnosis under turneen hans.

Ein flott og prisløna film om kjønn, identitet, glamrock og kjærleiken. Rett og slett ein film du ikkje bør gå glipp av!

 

Del på