Pris for internasjonalisering
Pris for internasjonalisering er på 10.000 kr og blir delt til ein studentorganisasjon, studentfestival eller eit studentlag som har gjort ein spesielt god innsats for å inkludere internasjonale studentar, jobbe for mangfald og skape kontakt mellom norske og internasjonale studentar.
Prisen blir delt ut kvart år i februar, i samband med internasjonal veke. Både studentar og tilsette ved Høgskulen i Volda kan nominere kandiatar. Prisen vart første gong delt ut i 2017, etter initiativ frå Studentparlamentet. Juryen er sett saman av Studentparlamentet, Internasjonalt kontor, rektoratet, SiVolda og Pangaia.
I 2023 gjekk prisen til VSI - Volda Studentidrettslag. Vi gratulerer!
Tidlegare vinnarar av prisen:
2022: Animation Volda Festival
2021: ikkje delt ut pga koronapandemien
2020: Natura Volda
2019: Studentsamfunnet i Volda
2018: Re:Act Volda
2017: Natura Volda