Rolle og oppgåver som tillitsvald

    Som tillitsvald tek du vare på studentane sine interesser og rettar i møte med Høgskulen 

    Dine oppgåver

    Som tillitsvald har du nokre faste oppgåver, og nokre oppgåver som blir forma ut i frå behovet til kullet ditt.

    • Du blir medlem i kvalitetsutvalet på ditt studieprogram 
    • Du deltek på allmøter for tillitsvalde, der du kan ta opp og diskutere saker på tvers av studium
    • Du bidreg til god informasjonsflyt mellom studentane, Høgskulen og Studentdemokratiet
    • Du kan ta opp saker på vegne av ditt kull/studium ved behov. T.d. knytt til undervisning, timeplanar, eksamen, studentar sine lovfesta rettar etc.
    • Du kan enkelt melde saker til oss i Studentparlamentet
    • Du kan ta initiativ til sosiale aktivitetar for klassen/kullet. Dette er ikkje eit krav, men noko mange studentar set pris på. Eksempel kan vere felles lunsj i kantina, juleavslutning, søndagstur rundt Rotevatnet eller å møtest på Rokken kafe. 

    Di rolle 

    I rolla som tillitsvald er det viktig at dine medstudentar har tillit til at du handsamar saker på ein ryddig måte.

    • Dei tillitsvalde på studieprogramma er grunnfjellet til Studentdemokratiet, og ei av dei viktigaste funksjonane dine er å fange opp kva som rører seg på kullet, slik at vi kan ta tak i eventuelle utfordringar som måtte oppstå
    • Som tillitsvald har du teieplikt, og det du får vite av sensitiv personinformasjon skal ikkje delast med uvedkomande
    • Du fungerer som ein kontakt mellom studentane og Høgskulen, og hjelper oss i Studentparlamentet å ta pulsen på utdanningane ved Høgskulen 
    • Du har krav på gyldig fritak frå undervisning dersom du deltek på møter knytt til vervet som kolliderer med undervisninga di
    • Du kan få attest frå Studentparlamentet ved endt verv

     

    Les meir om vervet i Tillitsvaldhandboka!

    Er du usikker på vervet eller korleis du skal gå fram i ei sak, er det berre å ta kontakt med oss i AU.