Digital eksamen
Alle digitale eksamenar ved Høgskulen i Volda skal gjennomførast eller leverast i Inspera: https://hivolda.inspera.no/. Du loggar på Inspera med Feide-kontoen din, dette er same brukarnamn og passord som du nyttar til Canvas og Studentweb. Vi rår til at du nyttar Google Chrome som nettlesar for å gjennomføre eksamen.
Alle studentar pliktar å setje seg inn i regelverket knytt til eksamen og fusk.
Generell info
Tekniske forhold ved eksamensavviklinga
Alle tekniske forhold ved eksamensavviklinga, slik som til dømes svikt i studenten sitt tekniske utstyr eller ustabil/manglande tilgang til Internett, er studenten sitt ansvar. Andre forhold som har ført til forseinkingar i eksamensavviklinga og som kan dokumenterast, kan gi grunnlag for utsetjing av fristen. Studieadministrasjonen er ansvarleg for handsaminga av slike søknadar.
Om du ønskjer å teste Inspera før du skal ha eksamen, kan du ta «Demo hjemmeeksamen (utan Safe Exam Browser)» her.
Sitat- og kjeldebruk
Ved innlevering og eksamen i Inspera gjeld same reglar for sitat- og kjeldebruk som ved andre innleveringar og eksamenar ved høgskulen.Les meir om dette her. Vi nyttar plagiatkontroll på alle digitale innleveringar og eksamenar ved Høgskulen i Volda.
For meir om sitat- og kjeldebruk, sjå nettsida Skrive og referere og Kildekompasset.
Eksamensformer
Heimeeksamen
Heimeeksamen direkte i Inspera
- Du finn eksamensdato og kandidatnummer i Studentweb
- Du finn oppgåveteksten i Inspera når eksamen startar
- Du skal skrive eksamenssvaret ditt direkte i Inspera, og under eksamen vil eksamenssvaret ditt verte lagra automatisk. Du kan difor logge inn og ut av systemet utan å miste det du har skrive.
- Når eksamenstida er ute, vil eksamenssvaret ditt verte levert automatisk.
- Etter at eksamenstida er ute kan du finne eksamenssvaret ditt i «Arkiv» i Inspera.
Heimeeksamen med filopplasting
- Du finn eksamensdato og kandidatnummer i Studentweb
- Du finn oppgåveteksten i Inspera når eksamen startar
- Du skriv eksamenssvaret i eit eige dokument som du lagrar på din eigen PC, og lastar opp denne fila som PDF-fil i Inspera innan innleveringsfristen er ute.
- Du kan bytte ut fila så mange gonger du vil fram til innleveringsfristen. Når eksamenstida er ute, vil fila du har lasta opp bli levert automatisk.
- Pass på å starte innleveringa i god tid før fristen er ute, så fila vert opplasta riktig
- Etter at eksamenstida er ute kan du finne eksamenssvaret ditt i «Arkiv» i Inspera.
Oppgåver og mappeinnleveringar
- Du finn eksamensdato og kandidatnummer i Studentweb
- Mappa opnar for innlevering éi veke før fristen, med mindre anna er spesifisert i emneplan eller eksamensplan.
- Det kjem fram av oppgåva kor mange filer som skal leverast. Pass på at du leverer i rett format. Dersom du berre skal levere éi fil, må eventuelle vedlegg leggast inn i same dokumentet som resten av oppgåva før du leverer.
- Dersom du skal levere eit fysisk produkt, vil du finne instruks for innlevering i Canvasrommet til emnet.
Gruppeoppgåve
Studentar oppretter grupper
Opprett gruppa så tidleg som mogleg etter at eksamen har opna, slik at de har god tid til å ordne med innmelding av alle medlemmer i gruppa og innlevering av oppgåva før fristen er ute.
1: Oppretting av gruppe
- Éin av gruppemedlemmene loggar på Inspera, klikkar seg inn på prøva og deretter «sjå fleire detaljar».
- Opprett gruppe ved å velje «Lag ny gruppe».
- Vel ei PIN-kode for gruppa. Denne koden er «nøkkelen» til gruppa. Ikkje vel t.d. 1234, 1111 eller andre «enkle» kodar. Då kan andre melde seg på gruppa dykkar ved eit uhell.
- Distribuer PIN-koden til dei andre i gruppa.
2: Innmelding i gruppe
- Dei andre medlemmene i gruppa loggar på Inspera, klikkar seg inn på prøva og deretter «sjå fleire detaljar»
- Meld deg inn i gruppa ved å velje «Bli med i eksisterende gruppe».
- Tast inn pin-koden du har fått av den som har oppretta gruppa. Når dette er gjort, vert kandidatnummeret ditt lagt til i gruppa.
3: Innlevering
Innlevering må ikkje skje før alle medlemmene er med i gruppa. Ved innlevering stengjer ein gruppa for nye medlemmer.
- Éin av gruppemedlemmene loggar inn i Inspera, klikkar seg inn på prøva og deretter opnar prøva.
- Last opp gruppeoppgåva i filtypen oppgåva spesifiserar.
- Etter at eksamenstida er ute kan alle medlemmane finne eksamenssvaret i sitt «Arkiv» i Inspera.
Førehandsdefinerte grupper
- Éin av medlemmane i gruppa lastar opp oppgåva i filtypen spesifisert av oppgåva.
- Etter at oppgåva er levert, har alle medlemmer i gruppa tilgang til oppgåva i Inspera.
- Alle medlemmer i gruppa har høve til å erstatte den leverte fila fram til innleveringsfristen er ute. Det er siste opplasta versjon som vert sendt til sensur for alle medlemmar i gruppa.
- Etter at eksamenstida er ute kan alle medlemmane finne eksamenssvaret i sitt «Arkiv» i Inspera.
Finn du ikkje informasjonen du treng?
Kontakt Studentsørvis:
70 07 50 18 | studentsorvis@hivolda.no
eller kom innom i opningstida:
måndag-fredag kl. 08.00-15.00
Du finn oss i 1. etasje i Berte Kanutte-huset