Skriftleg skuleeksamen (på høgskuleområdet)

Skriftleg skuleeksamen vert gjennomført som digital skuleeksamen så framt ikkje anna er spesifisert i eksamensplanen på nettsida. Sjå meir om handskriven skriftleg skuleeksamen lenger nede på sida. Digital skuleeksamen blir gjennomført med eiga berbar datamaskin i sikker nettlesar (Safe Exam Browser, SEB). Det er ikkje mogleg å nytte Chromebook eller nettbrett på skriftleg skuleeksamen i sikker nettlesar. Før eksamensdagen er det viktig at du sjekkar at maskina di fungerer som den skal, og at du har installert rett versjon av SEB. Det er også viktig at du orienterer deg om kva rom du skal møte i på eksamensdagen.  

Du pliktar å setje deg inn i regelverket knytt til eksamen og fusk. 

Skrifleg skuleeksamen i sikker nettlesar (SEB)

Krav til maskinvare 
Maskina må ha eit fungerande trådlaus nettverkskort og må vere i stand til å køyre uavbrote under heile eksamenstida. Dersom du mistenkjer at noko er gale med maskina di, kan du ta kontakt med IT-hjelp.

Det er lov å ta med mus og tastatur, men det kan ikkje vere trådlaust. Dei som ikkje har ei fungerande datamaskin må rekne med å skrive for hand. Det gjeld også dei som gløymer å ta med berbar datamaskin på eksamensdagen. 

NB: Merk at du må bruke det trådlause nettverket Eduroam. Dersom du ikkje får til å logge inn der, ta kontakt med IT-hjelp før eksamensdagen. 

 

Safe Exam Browser (SEB) 
Før eksamensdagen må du ha installert Safe Exam Browser (SEB) på maskina di. Denne nettlesaren låser maskina di under eksamen, slik at du berre har tilgang til eksamenssystemet. SEB vert jamleg oppdatert, og det er viktig at du sjekkar kvart semester at du har rett versjon. Du må ikkje søke etter SEB på nett, du lastar det ned inne i demoprøva i Inspera (sjå «Før eksamensdagen» under).  

NB: Merk at SEB stiller krav til operativsystemet ditt, les meir om dette her. Eldre maskiner kan kanskje ikkje køyre den, dette finn du ut under installasjonen. Dersom du har Mac og er usikker på kva MacOS versjon du har, kan du sjekke dette med IT-hjelp før eksamensdagen.

Før eksamensdagen

Demoprøve i Inspera 

For å installere og sjekke om du har rett versjon av SEB, kan du logge inn i Inspera for å ta ei demoprøve: https://hivolda.inspera.no/ Logg inn med FEIDE, og velg «Demoeksamen med Safe Exam Browser».  

Dersom du klarer å gjennomføre demoprøva, kan du vere trygg på at maskina di er klar til bruk på eksamensdagen. 
 

Tid og stad for eksamen 

I forkant av eksamensdagen bør du orientere deg om kvar du skal møte opp på eksamensdagen. Du finn romplassering i Studentweb. Her finn du også kandidatnummeret ditt, og informasjon om eventuell innvilga tilrettelegging av eksamen.

Eksamensdagen

  • Ta med gyldig legitimasjon, ikkje digital legitimasjon. 
  • Ta med datamaskin og straumkabel.  
  • Møt opp seinast 30 minutt før start. 
  • Finn ein plass i lokalet, og kople datamaskina di til straum. 
  • Ta ein omstart dersom maskina er i dvalemodus. 
  • Knytt maskina til trådlausnettet. 
  • Instruksjon for pålogging finn du på pulten i eksamenslokalet. 
     
  • Passord for innlogging i SEB blir hengt opp i lokalet. 
  • Eksamensvaktene deler ut kladdepapir når eksamen startar. 
  • Logg på i god tid. Du får ikkje ekstra tid på eksamen dersom du vert forseinka ved pålogging grunna passordbytte eller om datamaskina startar med installering av oppdateringar. 
     
  • Dersom du har spørsmål til oppgåveteksta eller det tekniske undervegs, ta kontakt med ei eksamensvakt. 
  • Når du er klar til å levere eksamenssvaret vel du «Lever nå». Når eksamenstida er ute, låsast eksamenssvaret ditt automatisk og du blir sendt til innleveringssida. 
  • Når du har levert eksamenssvaret tek du kontakt med ei eksamensvakt, som sjekkar at svaret er levert. Du kan ikkje forlate lokalet før dette er gjort. 
  • Logg ut av Safe Exam Browser og Inspera.  
  • Eksamenssvaret er tilgjengeleg etter eksamen i Inspera under fane 'Arkiv'. 

Handskriven skriftleg skuleeksamen

Handskriven skriftleg skuleeksamen er særleg relevant for matematikkstudentar. Du pliktar å setje deg inn i regelverket knytt til eksamen og fusk.

 

På eksamensdagen:

  • Ta med gyldig legitimasjon, ikkje digital legitimasjon.
  • Møt opp seinast 15 minutt før eksamensstart.
  • Finn ein plass i lokalet og gjer deg klar. Legg vekk alt anna enn det som er lov å ha framme (lovlege hjelpemiddel, skrivesaker, legitimasjon, mat, drikke, ev. medisin).
  • Du får utdelt eksamensoppgåva av eksamensvakta i det eksamen startar.
  • Du må ta kontakt med eksamensvakta for å få levere inn eksamen.
  • Du må skrive kandidatnummeret ditt på kvar av sidene.
  • Skriv med penn for å sikre at teksta vert synleg på alle arka.

 

Skriftlege handskrivne eksamenar ved HVO nyttar gjennomslagsark. Då skriv ein på det øvste arket, og teksta slår gjennom til dei to arka under. Når du leverer, skal du levere to eksemplar til eksamensvakta, og tredje eksemplaret beheld du sjølv. Det er viktig å ikkje legge omslagsarka på kvarandre når ein skriv, spør eksamensvaktene om du er usikker.

Finn du ikkje informasjonen du treng?

Kontakt Studentsørvis:
70 07 50 18 | studentsorvis@hivolda.no 
eller kom innom i opningstida: 
måndag-fredag kl. 08.00-15.00

Du finn oss i 1. etasje i Berte Kanutte-huset