Munnleg/utøvande eksamen

Munnleg og utøvande eksamenar er eksamenar der ein ikkje leverer eit digitalt produkt, men har anten ein munnleg eksamen eller ei utøvande prøve, til dømes ei framsyning. 

Oppmøtetidspunkt og -stad til slike eksamenar vert fastsett av emneansvarleg. 

Nokre digitale eksamenar har munnleg justerande eksamen i etterkant. For desse eksamenane vil karakteren etter munnleg justerande vere det gjeldande resultatet i emnet. Ein vil alltid kunne sjå vektinga av dei ulike eksamensdelane i emneplanen. 

Ved munnleg eksamen eller vurdering av praktiske kunnskapar, må krav om grunngjeving framsetjast med ein gong karakteren er kunngjort. 

Det er ikkje høve til å klage på vurderinga ved munnlege/praktiske eksamenar som ikkje let seg etterprøve. 

Finn du ikkje informasjonen du treng?

Kontakt Studentsørvis:
70 07 50 18 | studentsorvis@hivolda.no 
eller kom innom i opningstida: 
måndag-fredag kl. 08.00-15.00

Du finn oss i 1. etasje i Berte Kanutte-huset