Tilrettelegging av eksamen

(Godkjent av høgskuledirektør ved Høgskulen i Volda 31.03.2023)


Dersom du har spesielle behov ved eksamen, kan du søkje om tilrettelegging. Dette behovet må dokumenterast frå ein lege eller sakkyndig. Merk at fristen for å sende inn søknad er 1. oktober for haustsemesteret, og 15. februar for vårsemesteret. Fristen for å ettersende dokumentasjon i samband med søknad om tilrettelegging, er 15. oktober for haustsemesteret, og 1. mars for vårsemesteret. 

Søknadsskjema om særskild tilrettelegging av eksamen/Application form adapted examination arrangements


Dersom du skal søkje om tilrettelegging og skal innhente dokumentasjon frå lege eller annan sakkyndig, ber vi om at du tek med dette følgebrevet. I følgebrevet kjem det fram kva Høgskulen i Volda treng av dokumentasjon: (Nynorsk Bokmål)

Kven kan få tilrettelagt eksamen?

Studentar med funksjonsnedsetting og studentar med særskilte behov kan søke om individuell tilrettelegging av eksamen. Formålet med tilrettelegginga er å kompensere for dei ulempene som ligg til grunn for søknaden. 

Funksjonsnedsetting kan vere tap av eller skade på ein kroppsdel eller i ein av kroppen sine funksjonar.

Særskilte behov kan vere både fysiske og psykososiale utfordringar. Dei kan vere mellombelse, men det er viktig at vanskane er av ein vesentleg karakter. 

Kva tilrettelegging kan du få?

Alle søknadar vert vurdert og handsama individuelt og lista er ikkje utfyllande. Tilrettelegginga du kan få er basert på informasjon i dokumentasjonen du leverer inn.

Aktuelle tiltak kan vere:
•    Utvida eksamenstid
•    Tilrettelagt eksamenslokale
•    Bruk av tekniske hjelpemiddel
•    Skrivehjelp, teiknespråktolk og anna praktisk hjelp
•    Høgtlesing av oppgåveteksta på skriftleg eksamen
•    Studentar som ammar kan søkje om tid til å amme i samband med eksamen
•    Studentar med anna morsmål enn norsk kan søkje om tospråkleg ordbok
 

Utvida tid

Ei rettesnor til kva du kan få av utvida tid er følgjande:
•    Skriftleg skuleeksamen eller heimeeksamen på 2 timar: 15 minutt utvida tid
•    Skriftleg skuleeksamen eller heimeeksamen på 3-5 timar: 30 minutt utvida tid
•    Skriftleg skuleeksamen eller heimeeksamen på 6-8 timar: 60 minutt utvida tid
•    Heimeeksamen på 24 timar: 60 min utvida tid
•    Heimeeksamen på 2 dagar: 2 timar utvida tid
•    Heimeeksamen på 3 dagar: 3 timar utvida tid
•    Heimeeksamen på 4 dagar: 4 timar utvida tid
•    Heimeeksamen på 5 dagar: 5 timar utvida tid
•    Heimeeksamen på 6-10 dagar: 24 timar utvida tid.


Utvida tid gjeld normalt ikkje for denne typen eksamenar: oppgåve, mappe, munnleg, praktisk og gruppe. 
Alle søknadane vert behandla individuelt ut ifrå dokumentasjonen du sender inn.  
 

Korleis søker du om tilrettelegging?

Digitalt søknadsskjema om tilrettelegging finn du på nynorsk/engelsk og bokmål/engelsk, du kan også kontakte Studentsørvis for papirskjema. Søknad og tilhøyrande dokumentasjon skal leverast inn innan 1. oktober for haustsemesteret og 15. februar for vårsemesteret. 

Dokumentasjonen som forklarar behovet for tilrettelegging må vere ein legeattest eller attest frå annan sakkunnig som til dømes psykolog, logoped m.m. Det er viktig at dokumentasjonen forklarer kvifor det er behov for tilrettelegging og kva tilrettelegging det er behov for. 

 

Godkjend dokumentasjon er til dømes attest frå lege, psykolog, PP-teneste eller anna autorisert helsepersonell. 
•    I dokumentasjonen må det spesifiserast korleis ditt helseproblem eller di funksjonsnedsetting går utover gjennomføringa av eksamenen.
Lese og skrivevanskar: 
•    Dysleksi må dokumenterast med rapport frå utgreiing av lese- og skrivevanskar, ikkje ein legeattest. 
Dokumentasjonen kan du sende inn på same måten som ved søknadsskjema – gjerne også saman. 

 

Pollenallergi
Allergi er ikkje grunnlag for å seie at du har ein urimeleg ulempe i gjennomføringa av eksamen. 
Ved alvorlege plagar kan det likevel innvilgast utvida tid. Det må då kome tydeleg fram av dokumentasjonen: 
•    At du har alvorlege plagar
•    Kva type plagar du har
•    Kva type pollen du er allergisk mot
•    Korleis plagene går utover eksamenstida

Akutt søknad om tilrettelegging av eksamen

Dersom det oppstår eit tilretteleggingsbehov etter at søknadsfristen har gått ut, må du sende inn ein akutt søknad så snart behovet for tilrettelegging oppstår. Det må kome tydeleg fram i dokumentasjonen at behovet har oppstått etter søknadsfristen. Dokumentasjonen må vere vedlagt søknaden. 


Tilrettelegging kan innvilgast dersom det er praktisk mogleg å gjennomføre. Dersom det ikkje er mogleg å tilrettelegge for den aktuelle eksamenen kan du søkje om gyldig fråvær. 

Ved søknad om akutt tilrettelegging bruker du det same søknadsskjemaet som for tilrettelegging elles. 

Svar på søknaden

Når søknaden din er ferdig handsama vil du få eit vedtaksbrev med informasjon om du har fått innvilga tilrettelegging eller ikkje, samt eventuelt kva som har vorte innvilga. I vedtaksbrevet står det ofte informasjon som er viktig at du får med deg, og du må lese dette nøye. Ta kontakt med oss dersom du har spørsmål.

Sjå kva du har fått innvilga
Du kan sjekke Studentweb  for å sjå kva du har fått innvilga. Tilrettelegginga vil du sjå under aktive emne og under komande hendingar.

Aktive emne:

Aktive emne

 

Komande hendingar:

Komande hendingar

 

Kva må du gjer før eksamen?

I god tid før eksamen må du gjere deg kjent med kva tilrettelegging du skal ha og kva dette inneberer. Tilrettelegginga kan vere ulik for kvar eksamen. 

Dersom du har fått innvilga utvida tid, vil du sjå dette på prøva i Inspera: 

Utvida tid i Inspera
 

Klagerett på vedtak

Eit vedtak om tilrettelegging er eit enkeltvedtak og dei generelle reglane om sakshandsaming gjeld for disse. Dette betyr at du har klagerett på vedtak om tilrettelegging. Klagefristen er tre veker og skal leverast til Studieadministrasjonen ved Høgskulen i Volda.  Hugs å opplyse om kva vedtak du klagar på, kva endringar du ønskar og gjerne også grunnane du har for å klage.