Studiestart 2025

Tysdag 19. august er det offisiell opningsseremoni på campus med talar og underhaldning. Du som skal møte opp i Volda denne dagen, blir møtt av fagansvarlege for studiet ditt og fadrane som vil lose deg gjennom fadderveka. Vi set stor pris på at du har valt Volda som studiestad, og ser fram til å bli betre kjende med deg! Velkomen som student i Volda!

Faddere under fadderveka

Studiestart er 19. august 2025 

Program for dagen og meir informasjon kjem!

Kva må du gjere som ny student?

1. Registrer deg så snart du kan, frå 1. august og seinast 1. september. Dette gir deg mellom anna tilgang til ulike undervisningsverktøy og gjer det mogleg å få lån og stipend frå Lånekassen. Dette gjeld både nye studentar og deg som alt er i gang med eit studium.

2. Sjekk kvar og når du skal møte opp. Informasjon om dette finn du i det digitale klasserommet ditt på læringsplattforma Canvas, som du får tilgang når du er semesterregistrert, eller i studiekatalogen. I tillegg vil fadrane vise deg veg dei første dagane. For å låne bøker hos biblioteket må du bruke studentbevisappen.

3. Les deg gjerne opp. Nedanfor har vi samla tips og nyttig informasjon om alt frå korleis du får studentkort, til tips om bustad og reisemåtar. Du finn også informasjon om du skulle trenge tilrettelegging.

PS! Har du hugsa å søke stipend og lån?

Tips til deg som er ny student

1. Nyttige informasjonskanalar

Informasjon undervegs i studiet kjem fleire stader, og du får tilgang når du er registrert:

  • Canvas – systemet der du finn det meste knytt til undervisning på studiet ditt.
  • Studentweb – informasjon knytt til eksamen, tidlegare resultat m.m.
  • E-posten du får ved høgskulen – her kan det kome viktige meldingar.

Du kan følgje Høgskulen i Volda på FacebookYouTubeInstagram og Snapchat (@hivolda). Studentparlamentet ved HVO legg ofte ut spennande arrangement og informasjon på Facebook-sida si. Elles er nyheiter på framsida av hivolda.no og undersida For studentar ei god kjelde til informasjon.

2. Bustad og velferd

Studentsamskipnaden i Volda (SiVolda) er ein service- og velferdsorganisasjon for alle studentar i Volda. 

SiVolda tilbyr følgjande:

Private bustader
Det finst eit godt utval av bustader på privatmarknaden. Hybel.no er ein god stad å leite. Du finn også mykje på Facebook-sida Til leige i Volda og Ørsta.

3. Trygg student, oppfølging og tilrettelegging

Vi ønskjer å gi deg ei fin tid i Volda og møte deg på ein god måte. Vi har ei rekkje velferdstilbod som kan bidra til eit trygt og godt studieliv. I starten av semesteret presenterer vi desse for deg.

Har du utfordringar som gir deg ekstra hindringar, så du kan trenge ekstra oppfølging eller tilrettelegging
Dette hjelper vi deg med – berre ta kontakt! Ved Høgskulen i Volda skal vi gjere studiekvardagen god og tilgjengeleg for alle.

Vi tilrår alle studentar og tilsette å ta ein kik på sikresiden.no. Her finn du informasjon om kva du skal gjere om du hamnar i ein vanskeleg situasjon, og kven du kan kontakte lokalt. Det kan også vere smart å lage ein snarveg til sikresiden.no på mobilen din, så finn du raskt svar når du treng det. (Sjå korleis her.)

På nettsidene våre har vi ein knapp som heiter SEI FRÅ. Her kan du melde frå om vesentlege manglar, vanskelege ting du ikkje kan ta opp ved studiet, eller seie frå dersom du ikkje blir høyrd.

4. Slik kjem du deg til Volda

Det er enkelt å kome seg til og frå Volda. Reiser du med fly frå Gardermoen i Oslo, er du på Ørsta-Volda lufthamn på ein time. Om du vil reise med buss, er det daglege avgangar både til Oslo, Bergen og Trondheim. Til Ålesund går det buss om lag ein gong i timen.

Gå til oversikt over transportmåtar.

5. Ofte stilte spørsmål

Her finn du svar på spørsmål vi ofte får i samband med studiestart.