Å vere nettstudent

Velkomen som nettstudent ved Høgskulen i Volda!

Har du fått studieplass på eit nettstudium hjå oss, må du registrere deg som student ved Høgskulen i Volda. Det gjer du her. Etter at du har registrert deg får du tilgang til det digitale læringsmiljøet Canvas. Der vil undervisningspersonalet legge ut informasjon om sjølve innhaldet i kurset. Du finn også viktig informasjon om ditt kurs i den praktiske informasjonen for kvart studietilbod og i studie- og emneplanane. Nokre studium er berre nettbaserte, medan andre har valfrie eller obligatoriske samlingar på campus i tillegg. Informasjon om dette finn du i emneplanen til kurset ditt.

Dersom du skal møte til ei samling eller avlegge eksamen i Volda, finn du informasjon om korleis du kjem deg hit her. Du kan også gå inn på Mazemap for å finne fram på campus. Elles finn du relevant informasjon for deg på For Studentar-sida. Det er særleg viktig at du held deg til viktige fristar ved høgskulen og at du er godt kjent med eksamens-sida vår.

Vi ber deg om å setje deg inn i dei ulike informasjonskanalane du kjem til å bruke som student, som Studentweblæringsplattforma Canvas, og e-post for studentar. Som nettstudent kan du også bruke biblioteket.

Lukke til med studiet!

Finn du ikkje informasjonen du treng?

Kontakt Studentsørvis:
 70 07 50 18 | studentsorvis@hivolda.no 
eller kom innom i opningstida: måndag-fredag kl. 08.00-15.00

Du finn oss i 1. etasje i Berte Kanutte-huset