FAQ Studiestart

Her er ei liste over spørsmål som Høgskulen i Volda ofte får frå nye studentar. 
Klikk på spørsmålet for å kome til svaret.
 

STUDIUM 

Når er semesterstart?
Kor mykje må vi betale i semesteravgift?
Kva for studium tilbyr Høgskulen i Volda?
Kva må eg hugse ved semesterstart?
Korleis går studentregistreringa ved Høgskulen føre seg?
Må eg skrive nynorsk når eg er student ved Høgskulen i Volda?
Når kjem studielånet?

Kva er Studentweb?
Kva er Canvas?
Kva er IT-hjelp?
Korleis kjem eg i gang med studia?

REGISTRERING

Kva skal eg gjere når eg har gløymt PIN-koden?
Kvifor får eg beskjed om at eg ikkje har betalt semesteravgifta?
Kan eg registrere meg i Studentweb sjølv om eg ikkje har betalt semesteravgift? 
Kva er fristen for registrering og betaling av semesteravgift?
Kva skjer dersom eg ikkje har registrert meg og betalt innan fristen?
Kvar finn eg koden til faget/emnet eg skal melde meg/til registrere meg på?
Kvifor er det ein fordel å registrere seg før ein kjem til Volda? 

HYBEL

Korleis finn eg ein stad å bu?
Kva for studentheimar finn ein i Volda?
Korleis går tildelinga av studentboligar føre seg?
Kva er søknadsfristen for studentboligar?
Skal eg søkje om hybel sjølv om eg ikkje veit om eg skal studere ved HVO?
Korleis er prisnivået på boligar i Volda?

BARNEHAGE

Korleis kan eg skaffe barnehageplass?
Kor tidleg må eg vere ute for å sikre ein barnehageplass gjennom Studentsamskipnaden?
Kva kan eg rekne med å måtte betale for ein barnehageplass?

FRITID

Kor mange innbyggjarar er det i Volda?
Kva er Studentsamfunnet?
Kva er VEKA?
Kva slags frivillige organisasjonar kan eg bli med i?
Kva for uteplassar finst det i Volda?
Kva er Rokken?
Kvar kan eg bade og stå på ski?

LIVET I VOLDA

Kvar ligg Høgskulen i Volda? Korleis ser høgskuleområdet ut?
Kor mange studentar er det i Volda?
Korleis er det å studere ved Høgskulen i Volda?
Kva er Studentsamskipnaden i Volda (SiVolda)?
Finst det ei fadderordning for nye studentar?
Finst det tilbod dersom eg treng tilrettelegging eller nokon å prate med?

KOMMUNIKASJON

Korleis kjem eg meg til Volda?
Treng eg bil i Volda?

 

STUDIUM 

Kva for studium tilbyr Høgskulen i Volda?
studieinformasjonsportalen finn du ei oversikt over alle studia ved høgskulen. 

Kva er viktig for meg som ny student å hugse på ved semesterstart?
Gå gjennom sjekklista som ligg under Studiestart, der står alt det viktigaste.

Må eg skrive nynorsk når eg er student ved Høgskulen i Volda?
Høgskulen i Volda brukar mest nynorsk på nettsidene sine og i informasjon til studentane, fordi det er mange nynorskbrukarar som jobbar her. Likevel treng ikkje du som student bruke nynorsk i skriftlege oppgåver, og du vil ikkje automatisk få vitnemål på nynorsk! Det er heilt opp til deg å velje kva for målform du vil bruke, med nokre få unntak: Dersom du skal studere norsk, blir du kanskje pålagd å skrive nynorsk også.

Når kjem studielånet?
Lån og stipend vil bli utbetalt først etter at du har betalt semesteravgift og blitt registrert som student ved Høgskulen. Les meir på Lånekassen sine heimesider.

Kva er Studentweb?
Studentweb er eit studentverkty der du må registrere deg for å kunne vere student ved Høgskulen i Volda. Slik registrering skal skje kvart semester.

Kva er Canvas?
Canvas er eit elektronisk system for læring som vert nytta til undervisning, informasjon og kommunikasjon mellom studentar og skulen, med ein eigen app. Gjennom registrering på sine emne i Studentweb får studentane tilgang til desse emna i Canvas.

Kva er IT-hjelp?
IT-hjelp er brukarstøtta vår innan IT for alle studentar ved Høgskulen i Volda. Du finn denne tenesta i Berte Kanutte-huset.

Korleis kjem eg i gang med studia?
Du får mange tips i starten av studiet, det vert arrangert kurs i studieteknikk, og du kan når som helst få hjelp på biblioteket

REGISTRERING

Kva skal eg gjere når eg har gløymt PIN-koden?
Du treng ikkje PIN-koden til registrering - les meir om registrering her.

Du kan finne PIN-koden din i Studentweb eller her.

Kvifor får eg beskjed om at eg ikkje har betalt semesteravgifta?
Sannsynlegvis er ikkje innbetalinga blitt registrert i vår database - det kan ta nokre dagar før opplysningane frå banken blir overført. Prøv igjen om ein dag eller to.

Kan eg registrere meg i Studentweb sjølv om eg ikkje har betalt semesteravgift? 
Ja. Men du må ha betalt semesteravgifta for å få støtte fra Statens lånekasse for utdanning, og du er ikkje godkjent som student utan å betale. 

Kva er fristen for registrering og betaling av semesteravgift?
Siste frist for haustsemesteret er 1. september. Fristen for vårsemesteret er 1. februar. Elles er betalingsfristen forfallsdatoen, som står i Studentweb under mappa "Betaling".

Kva skjer om eg ikkje har registrert meg og betalt innan fristen?
Dei som ikkje har betalt eller registrert seg innan fristen vil miste studieretten ved Høgskulen i Volda. Ta kontakt med Studentsørvis dersom du får problem med å rekke fristen!

Kvar finn eg koden til faget/emnet eg skal melde meg opp til?
Du finn emna i studieplanen for studieprogrammet ditt, via ei lenke til emnetabell under kvart studium. Alle studia ligg i oversikta over studieplanar dette studieåret ved Høgskulen i Volda.

Kvifor er det ein fordel å registrere seg før eg kjem til Volda?
Då har du ein ting mindre å ordne når du kjem til Volda, og får tilgang til våre system og informasjon om studiet så snart det er klart i Canvas!

Ta kontakt med Studentsørvis dersom du ikkje finn emna du skal ta. 
  

HYBEL

Kvar kan eg finne ein stad å bu?
Studentsamskipnaden har fem studentheimar i Volda med 608 bustader totalt: Porse, Røysmarka, Sybo, Heltne og Smiebakken.

Sjå også:
http://www.sivolda.no/
http://www.hybel.no
http://www.finn.no
Facebook-gruppe: "Til leige i Volda og Ørsta"

På Facebook finn du ei gruppe for utleige av bustad i Volda og Ørsta. Du kan eventuelt setje inn annonse i lokalavisa Møre: annonse@avisamore.no. Det kostar ca. 50,- pr. innrykk.

Kva studentheimar finn ein i Volda?
Sjå oversikt over boligar av ulike typar, kvar dei ligg, og søk på Studentsamskipnaden sine sider.

Korleis søker eg?
Du søker frå Studentsamskipnaden sine boligsider, der du finn ulike bustadar og informasjon. 

Kva er søknadsfristen for studentboligar?
Det er ingen søknadsfrist, tildeling av studentboligar skjer fortløpande. Sjekk for meir informasjon og ofte stilte spørsmål. 

Skal eg søkje om hybel no sjølv om eg ikkje veit om eg skal studere ved HVO?
Ja, hvis du vil sikre deg bustad, kan du søke før du veit dette. 

Korleis er prisnivået på boligar i Volda?
Nasjonale undersøkingar gjennomført kvart år viser at studentbustader i Volda er blant dei billegaste i landet. Hos Studentsamskipnaden er straum og internett også med i leigeprisen. Dette hjelper når budsjettet er stramt, og seinare når du skal betale studielån!  

BARNEHAGE 

Korleis kan eg skaffe barnehageplass?
Studentsamskipnaden driv Røysmarka studentbarnehage med 45 plassar for barn mellom 0-6  år. Barnehagen ligg like ved Høgskulen. Ein må fylle ut eit eige søknadsskjema for kvart barn. Søknadsskjema og informasjon finn du her: Barnehagesøknad

Kor tidleg må eg vere ute for å sikre ein barnehageplass gjennom Studentsamskipnaden?
Hovudopptaket er 1. mars. Elles blir eventuelle ledige plassar tildelte fortløpande.

Kva kan eg rekne med å måtte betale for ein barnehageplass?
Du finn prisar og kontaktinformasjon her.
 

FRITID

Kor mange innbyggjarar er det i Volda?
Medrekna studenttalet har Volda om lag 10 000 innbyggjarar.

Kva er Studentsamfunnet?
Studentsamfunnet er ein organisasjon basert på frivilleg arbeid. Du som student ved Høgskulen har høve til å delta på arrangement eller bidra som frivilleg. Studentsamfunnet står mellom anna for gjennomføring av mange ulike arrangement.

Kva er VEKA?
Veka er eit årleg kulturarrangement laga av, med og for studentar i Volda. Konsertar, revy, foredrag og stand-up er noko av det ein kan oppleve gjennom dei dagane VEKA varer.

Kva for uteplassar finst det i Volda?
Trass i storleiken har Volda fleire stader du kan gå ut eller få kjøpt deg god mat og drikke. Vi kan nemne Studenthuset Rokken, Brør, Hi Sushi, Landscape, Naustet grill, Marias Restaurant og Burger King.

Kvar kan eg bade, stå på ski, eller gå turar?
Om våren og sommaren er det fint å bade i Rotevatnet i Volda eller på badeplassen Munken. I Ørsta fins det også fleire badeplassar i sjø og vatn. I Fosnavåg og Ulsteinvik finn du badeanlegg. Elles kan du ta turen ut på Ytre Søre Sunnmøre til badestrendene der, til dømes på Hareidlandet. Om vinteren kan du stå på ski på Reset i Volda eller i Bondalen som ligg i nabokommunen Ørsta. Det er ikkje jamnleg busstilbod til skisentera, så det kan hende at du vil trenge haik dit dersom du ikkje har bil sjølv!
Turterreng finnast overalt, også nær høgskulen – les meir på MoroturStikkut.no eller Natura

Les meir om studentliv her.

LIVET I VOLDA

Kvar ligg Høgskulen i Volda? Korleis ser høgskuleområdet ut?
Høgskulen i Volda ligg sentralt i Volda, halvannan time søraust for Ålesund. Sjå kart over høgskuleområdet.

Kor mange studentar er det i Volda?
Høgskulen i Volda har rundt 4000 studentar. Dei fleste er fulltidsstudentar på campus, men mange studerer også nettbaserte studium der ein ikkje treng møte i Volda.

Korleis er det å studere ved Høgskulen i Volda?
Høgskulen i Volda har eit tett og oversiktleg studentmiljø der alle er samla på ein stad. Dette gir eit godt grunnlag for å knyte kontaktar og til å gi kvarandre impulsar, både fagleg og sosialt. Undersøkingar viser at studentane trivst ved Høgskulen i Volda.
Les meir

Finst det ei fadderordning for nye studentar?
Kvar haust arrangerer vi ei fadderveke der ein vert kjend med Volda og studentmiljøet. Eldre studentar tek med nye studentar på omvisning og arrangement. Fadderveka er den beste måten å starte eit nytt skuleår på! Les om Fadderveka her.

Finst det tilbod dersom eg treng tilrettelegging eller nokon å prate med?
Ja, du kan få hjelp på ulike måtar. Les meir om dette her.

KOMMUNIKASJON 

Treng eg bil i Volda?
Volda har eit kompakt sentrum. Alle delane av Høgskulen og Studentsamskipnaden (SfS) sine boligar ligg sentralt. Dersom du bur i sjølve Volda treng du truleg ikkje bil, men dette kjem sjølvsagt an på dine behov og kvar du vel å busetje deg. Får du bustad gjennom SfS treng du det nok ikkje - samtlege studentboligar ligg i 5-10 minutts gangavstand frå Høgskulen.

 

Andre spørsmål?

Du kan når som helst ta kontakt med Studentsørvis med spørsmål om semesterstart eller andre ting.

Kontakt Studentsørvis:
 70 07 50 18 | studentsorvis@hivolda.no 
eller kom innom i opningstida: 
- måndag kl. 9.30 - 15.00 
- tysdag - fredag kl. 9.00 - 15.00

Du finn oss i 1. etasje i Berte Kanutte-huset