Studiestart 2024

Studiestart er 20. august 2024 

Program for dagen

Arrangementet finn stad utandørs mellom Berte Kanutte-huset (BK) og Synnøve Riste-huset (SR). Du finn kartplasseringa her.

10:30: Oppvarmingskonsert med studentband.

11.00: Offisiell opning. Det blir helsingar og musikk.

11.45: Fadderveka. Fadrane samlar studentane sine i grupper.

12.30: Kvart studieprogram har orienteringmøte. Fadrane viser veg for sine grupper.

Seinast 15.00: Fadrane samlar faddergruppene sine, og fadderveka er offisielt i gang!


Tilleggsprogram

09.45–10.45: Ope fagleg seminar med den nye doktorgraden i utdanning, språk og kultur som tema. Seminaret finn stad i Store auditorium i Berte Kanutte-huset og er ope for alle, uansett om du er knytt til høgskulen eller ikkje. Seminaret er ikkje ein del av sjølve opningsseremonien.

 

 

Kva må du gjere som ny student?

1. Registrer deg så snart du kan, frå 1. august og seinast 1. september. Dette gir deg mellom anna tilgang til ulike undervisningsverktøy og gjer det mogleg å få lån og stipend frå Lånekassen. Dette gjeld både nye studentar og deg som alt er i gang med eit studium.

2. Sjekk kvar og når du skal møte opp. Informasjon om dette finn du i det digitale klasserommet ditt på læringsplattforma Canvas, som du får tilgang når du er semesterregistrert, eller i studiekatalogen. I tillegg vil fadrane vise deg veg dei første dagane. For å låne bøker hos biblioteket må du bruke studentbevisappen.

3. Les deg gjerne opp. Nedanfor har vi samla tips og nyttig informasjon om alt frå korleis du får studentkort, til tips om bustad og reisemåtar. Du finn også informasjon om du skulle trenge tilrettelegging.

 

PS! Har du hugsa å søke stipend og lån?

Tips til deg som er ny student

1. Nyttige informasjonskanalar

Informasjon undervegs i studiet kjem fleire stader, og du får tilgang når du er registrert:

  • Canvas – systemet der du finn det meste knytt til undervisning på studiet ditt.
  • Studentweb – informasjon knytt til eksamen, tidlegare resultat m.m.
  • E-posten du får ved høgskulen – her kan det kome viktige meldingar.

Du kan følgje Høgskulen i Volda på Facebook, YouTube, Instagram og Snapchat (@hivolda). Studentparlamentet ved HVO legg ofte ut spennande arrangement og informasjon på Facebook-sida si. Elles er nyheiter på framsida av hivolda.no og undersida For studentar ei god kjelde til informasjon.

2. Bustad og velferd

Studentsamskipnaden i Volda (SiVolda) er ein service- og velferdsorganisasjon for alle studentar i Volda. 

SiVolda tilbyr følgjande:

Private bustader
Det finst eit godt utval av bustader på privatmarknaden. Hybel.no er ein god stad å leite. Du finn også mykje på Facebook-sida Til leige i Volda og Ørsta.

3. Trygg student, oppfølging og tilrettelegging

Vi ønskjer å gi deg ei fin tid i Volda og møte deg på ein god måte. Vi har ei rekkje velferdstilbod som kan bidra til eit trygt og godt studieliv. I starten av semesteret presenterer vi desse for deg.

Har du utfordringar som gir deg ekstra hindringar, så du kan trenge ekstra oppfølging eller tilrettelegging
Dette hjelper vi deg med – berre ta kontakt! Ved Høgskulen i Volda skal vi gjere studiekvardagen god og tilgjengeleg for alle.

Vi tilrår alle studentar og tilsette å ta ein kik på sikresiden.no. Her finn du informasjon om kva du skal gjere om du hamnar i ein vanskeleg situasjon, og kven du kan kontakte lokalt. Det kan også vere smart å lage ein snarveg til sikresiden.no på mobilen din, så finn du raskt svar når du treng det. (Sjå korleis her.)

På nettsidene våre har vi ein knapp som heiter SEI FRÅ. Her kan du melde frå om vesentlege manglar, vanskelege ting du ikkje kan ta opp ved studiet, eller seie frå dersom du ikkje blir høyrd.

4. Slik kjem du deg til Volda

Det er enkelt å kome seg til og frå Volda. Reiser du med fly frå Gardermoen i Oslo, er du på Ørsta-Volda lufthamn på ein time. Om du vil reise med buss, er det daglege avgangar både til Oslo, Bergen og Trondheim. Til Ålesund går det buss om lag ein gong i timen.

Gå til oversikt over transportmåtar.

5. Ofte stilte spørsmål

Her finn du svar på spørsmål vi ofte får i samband med studiestart.

Andre spørsmål?

Studentsørvis

Du kan når som helst ta kontakt med Studentsørvis med spørsmål om semesterstart, opptak, utdanningsplan, utveksling, tilrettelegging eller andre studierelaterte spørsmål.

70 07 50 18 | studentsorvis@hivolda.no 

Du kan også kome innom oss i opningstida: måndag–fredag kl. 08.00–15.00.

Studentsørvis finn du i 1. etasje i Berte Kanutte-huset.

Les meir om opningstider, adgangsrettar m.m. på campus her.

IT-hjelp

Har du spørsmål om brukarkonto, e-post, utskrift eller liknande, kan du ta kontakt med IT-hjelp.

70 07 54 00 | 5400@hivolda.no

Opningstid: måndag–fredag kl. 08.00–15.30.

IT-hjelp finn du i 1. etasje i Berte Kanutte-huset, rett ved kantina.