Utdanningsplan, permisjon og godkjenning

Utdanningsplanen er ein avtale mellom deg som student og høgskulen. Den seier hvilke rettar og plikter du og vi har, og viser til viktig regelverk.

Din personlege del av planen viser korleis du skal gjennomføre studiet ditt. 
Alle studentar får ein utdanningsplan når dei startar på studium hos oss. Du finn meir informasjon om utdanningsplanen og moglege endringar nedanfor.

Korleis får eg ein utdanningsplan

Utdanningsplanen finn du Studentweb. Utdanningsplanen har to delar:

- Ein generell del om kva ein utdanningsplan er, om viktig regelverk, og om utdanningsrettleiing.

- Ein individuell del med dine emne i studieprogrammet du startar på. For nokre utdanningar er utdanningsplanen fast, utan val undervegs. For andre utdanningar er noko fastlagt og noko valfritt, eller du kan t.d. velje mellom nokre alternativ.

Det er lurt å sette seg inn i studieplanen, før du gjer endringar eller flytter på emne i utdanningsplanen.

Utdanningsplanen viser kva progresjon som er venta, og forseinking eller endringar kan virke inn på studieretten din. Jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-3.

Korleis endrar eg utdanningsplanen?

Til kvart semester skal du gå inn i Studentweb, og gå gjennom planen før gjeldande frist. I nokre tilfelle kan du endre på planen:

- Du kan bruke lenger eller kortare tid, ved å endre semester for emne. Kontakt Studentsørvis eller studieprogramansvarleg om du treng hjelp med dette.

- Du kan velje inn nye emne i valfrie delar av studiet.

- Du kan søkje utvekslingpermisjongodkjenning av tidlegare utdanning
eller avbryte studiet. Kontakt Studentsørvis om du treng hjelp med noko av dette.

Utdannningsplanen skal berre innehalde emne som er del av studieprogrammet du følgjer. Kontakt Studentsørvis om du vil ta eksamen i emne utanom planen.

Tilbod om utdanningssamtale

Alle studentar på studieprogram med 60 studiepoeng eller meir, skal få tilbod om ein utdanningssamtale kvart semesteret. Det er ulike organiseringar av dette, men samtalen er ofte eit tilbod frå den studieprogramansvarlege. Utdanningssamtalen kan gjennomførast i grupper eller individuelt.

I utdanningssamtalen kan ein ta opp spørsmål om studiet eller studiesituasjonen, og om vidare planar, arbeidsmåtar, og individuelle tilpassingar. Dette kan til dømes vere korleis du kan bruke valfrie emne, ta emne i utlandet, få godkjent tidlegare utdanning m.m.

I tillegg til tilbod om utdanningssamtalar knytt til studiet, har høgskulen studierettleiar ved Studentsørvis i 1. etasje i Berte Kanutte- huset.

Permisjon frå studiet

Du kan søkje om permisjon i studiet, dersom du har gode grunnar. Retningslinje for permisjon ved Høgskulen i volda finn du her.

Retten til fødselspermisjon står spesielt sterkt, og vert regulert av Universitets- og høgskulelova § 4-5.

For å få permisjon må du søke i forkant, og legge ved nødvendig dokumentasjon. Det kan vere legeattest eller liknande, men kan også vere studie-/ emneplan for eit planlagt studium. Det treng vi dersom du vil søkje permisjon for å ta valfrie delar av eit studium ein annan stad.

Søknadsskjema for permisjon finn du i Studentsørvis si oversikt over skjema.

Godkjenning av tidlegare utdanning

Godkjenning/ godskriving av emne frå anna utdanning
Dersom du har utdanning du trur passar inn i utdanninga du går i Volda, kan du søkje om å få godskrive dette som del av ei grad her jf. Universitets- og høyskoleloven § 3-5 e.
Det er enklast å få godkjent valfrie delar av studiet, og studieplanen viser om det er rom for dette. Dersom du har gjennomført emne som tilsvarar obligatoriske delar av utdanninga, kan det i nokre tilfeller bli godkjent. Slik godkjenning bygger på god dokumentasjon av det du har gjennomført, så legg ved studieplan eller tilsvarande.

Du finn skjema for å søkje om godkjenning på skjemasida til Studentsørvis.

Godskriving av fag i 4-årig grunnskulelærarutdanning skjer ut frå eigne retningslinjer og på eige skjema.

I Grunnskulelærar masterutdanning er det vanskeleg å få godkjent tidlegare utdanning, ut frå krava til innhaldet i utdanninga. Les meir her. 

Godkjenning av utanlandsk utdanning
Har du planar om å ta delar av utdanninga di i utlandet, og la dette gå inn som del av utdanninga di hos oss? Du må få ei førehandsgodkjenning av det du vil ta, for å sikre at dette vert godkjent som del av utdanninga di i Volda. Kontakt internasjonalt kontor i 3. etg. BK - tlf. 70075120 eller send ein mail til utveksling@hivolda.no.
Etter at du har fullført studium i utlandet må du levere godkjend dokumentasjon, til dømes Transcript of records med stempel og signatur.
Dette skal du levere til internasjonalt kontor og i tillegg be om godskriving på vanleg måte, sjå ovanfor.

Finn du ikkje informasjonen du treng?

Kontakt Studentsørvis:
 70 07 50 18 | studentsorvis@hivolda.no 
eller kom innom i opningstida: måndag-fredag kl. 08.00-15.00

Du finn oss i 1. etasje i Berte Kanutte-huset