See list of study plans starting on:

Engelsk 1 (1-7) - vidareutdanning for lærarar

Studieprogram: 
Engelsk 1 (1-7) - videreutdanning for lærere
Studienivå: 
-
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
4 semester
Kull: 
2016
Studieplassar: 
20
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Fullført lærarutdanning (allmennlærar-, grunnskulelærar,- eller praktisk pedagogisk utdanning)

Om studiet

Engelsk for lærarar 1-7 (vidareutdanning) gir ferdig utdanna lærarar ei innføring i engelsk språk, fagdidaktikk og litteratur/kultur som kvalifiserer til undervisning i faget i barneskulen. Studiet omfattar kunnskap om grammatiske og fonologiske strukturar i det engelske språket og utvikling av eiga språkferdigheit, tekstkompetanse og produktivt ordforråd. Det blir lagt vekt på engelskundervisning for 1.-7. årssteg, kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa og deira språkutvikling. Studentane vil få innsikt i ulike læringsaktivitetar og arbeidsmåtar. Kunnskap om og trening i å lese og bruke litterære tekstar innan ulike genrar og til ulike formål står sentralt i studiet. I tillegg omfattar studiet kunnskap om kultur i engelskspråklege land.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:

Kunnskapar

• Studenten har kunnskap om engelsk språksystem når det gjeld grammatikk, ordforråd og uttale, og til skilnader og likskapar mellom norsk og engelsk språksystem
• Studenten har kunnskap sjangrar og sjangerkrav på engelsk, skriftleg og munnleg
• Studenten har kunnskap om barn si språklæring i eit andrespråksperspektiv, og om korleis ein kan fremje denne
• Studenten har kunnskap om dei krav samfunnet stiller til undervisning i andrespråk/framandspråk
• Studenten har kunnskap om utvikling av dei grunnleggande ferdigheitene
• Studenten kjenner eit utval korte litterære tekstar til både personleg vekst og undervisningsbruk
• Studenten kjenner nokre trekk ved kulturen i engelsktalande land.

Ferdigheiter

• Studenten kan bruke engelsk sikkert og funksjonelt skriftleg og munnleg tilpassa målgruppa i ulike situasjonar.

• Studenten kan formidle relevant fagstoff og kommunisere på engelsk på ein måte som er tilpassa målgruppa
• Studenten kan lese, forstå og ta i bruk engelske tekstar for born og unge.
• Studenten kan bruke kunnskapen sin om engelsk språk, litteratur og kultur, og didaktikk til å legge til rette for god språklæring og læring om andre kulturar.

Generell kompetanse

• Studenten kan reflektere over eiga læring og praksis i forhold til etiske grunnverdiar og skulens ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
• Studenten kan arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevar si læring og utvikling i engelskfaget

Organisering og arbeidsmåtar

Studiet er samansett av to emne, kvart på 15 stp.: Engelsk for lærarar 1-7 1A og Engelsk for lærarar 1-7 1B. Kvart emne går over eitt år. Emne B bygger på emne A.

Obligatorisk undervisning, arbeidskrav og eksamen
Undervisninga i studiet er obligatorisk.

For å gå opp til eksamen i eit emne må alle arbeidskrav knytt til emnet vere oppfylt, og studenten må ha tilstrekkeleg frammøte i emnet.

Engelsk 1 (1-7) - vidareutdanning for lærarar
Navn: 
Engelsk 1 (1-7) - vidareutdanning for lærarar
Emne2016 Haust2017 Vår2017 Haust2018 Vår
7.57.5
7.57.5
Praksis

Då inntak på studiet føreset fullført lærarutdanning, er det ikkje krav til praksis i studiet.

Anna
Obligatorisk undervisning, arbeidskrav og eksamenUndervisninga i studiet er obligatorisk.For å gå opp til eksamen i eit emne må alle arbeidskrav knytt til emnet vere oppfylt, og studenten må ha tilstrekkeleg frammøte i emnet.
Evaluering og kvalitetssikring

Studiet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem

Ansvarleg
Kjetil Myskja, km@hivolda.no, tlf. 7007 5078