See list of study plans starting on:

Matematikk 1 (5-10) - Vidareutdanning for lærarar (Nettbasert)

Studieprogram: 
Matematikk 1, 5.-10. trinn - vidareutdanning (nett- og samlingsbasert)
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2016
Studieplassar: 
50
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Fullført lærarutdanning. 

Om studiet

Studiet er eit vidareutdanningstilbod til lærarar som har lite eller inkje matematikk i si tidlegare utdanning og tilsvarar Matematikk 1 i grunnskulelærarutdanninga for 5.–10. klassesteget.

Gjennom studiet skal studenten tileigne seg eit didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på 5.-10. steg. Studenten skal få kompetanse til å undervise matematikk i dagens skule, samstundes som han skal kunne vere med å utvikle og forme matematikkfaget i framtida. 

Læringsutbytte

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Studenten

  • har undervisningskunnskap i matematikken elevane arbeider med på 5.-10. steg
  • har kunnskap i relevante matematikkfaglege tema og kan knyte denne kunnskapen til lærestoffet i grunnskulen
  • har kunnskap om matematikkfaget sitt innhald på dei ulike stega i grunnskulen, og om overgangane mellom stega i grunnskulen
Ferdigheiter

Studenten

  • kan planleggje, gjennomføre og vurdere matematikkundervisning for alle elevar på mellomsteget og ungdomssteget, med fokus på variasjon og elevaktivitet
  • har gode praktiske ferdigheiter i munnleg og skriftleg kommunikasjon i matematikkfaget, og kompetanse til å fremje slike ferdigheiter hos elevane
  • kan bruke arbeidsmåtar som fremjar elevane si undring, kreativitet og evne til å arbeide systematisk med utforskande aktivitetar, grunngivingar, argument og bevis 
Generell kompetanse

Studenten

  • kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar
  • viser evne til refleksjon og kritisk tenking 
Organisering og arbeidsmåtar

Emnet er nettbasert med to obligatoriske samlingar i Volda kvart semester. (Jf. Forskrift om studium og eksamen § 4-6. http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/§4-6)  Nettundervisninga vert gitt i Fronter og Adobe Connect. Begge emna i studiet har arbeidskrav som må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen. 

Matematikk 1 (5-10) - Vidareutdanning for lærarar (nettbasert)
Navn: 
Matematikk 1 (5-10) - Vidareutdanning for lærarar (nettbasert)
Krav til utstyr eller ferdigheiter

Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett (av god kvalitet), nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon.

Kostnader

Studiet har ei studieavgift på kr 8000 (kr 4000 pr. emne) + semesteravgift.

Evaluering og kvalitetssikring

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Ansvarleg
Øyvind Halse, 7007 5276, oyvind.halse@hivolda.no