See list of study plans starting on:

Rettleiings- og mentorutdanning 2

Studieprogram: 
Rettleiings- og mentorutdanning 2 - vidareutdanning
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Studiepoeng: 
15
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2016
Studieplassar: 
30
Studietype: 
Fordjupning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Studentane må ha godkjent førskulelærar- eller lærarutdanning og vere i arbeid som førskulelærar, grunnskulelærar eller lærar i vidaregåande opplæring. Opptak føreset minimum tre års erfaring frå arbeid i skule eller barnehage. 

Om studiet

Målgruppa for studiet er førskulelærarar og lærarar som skal vere rettleiarar/mentorar for nyutdanna kollegaer og/eller praksislærarar i barnehage, skule og vidaregåande opplæring. Stortingsmeldingane nr. 11 (2008-2009) Læreren. Rollen og utdanningen og nr. 41 (2008-2009) Kvalitet i barnehagen presiserer behovet for auka rettleiingskompetanse ved at alle nyutdanna lærarar og førskulelærarar skal få tilbod om rettleiing. Vidare skal kvaliteten i grunnutdanningane si praksisopplæring styrkast mellom anna ved å gi alle praksislærarar tilbod om opplæring i rettleiing. Studiet rettar seg også mot rettleiing av kollegaer og elevar/barn. Studiet har ei brei tilnærming til rettleiingsfeltet og legg vekt på utvikling av både kunnskapar om og ferdigheiter i rettleiing. Sentralt i studiet er styrking og utvikling av kommunikative ferdigheiter, relasjonskompetanse, evne til refleksjon og kritisk analyse av eigen praksis som rettleiar. Innsikt i etiske dilemma og maktforhold i rettleiingssituasjonar er også sentralt i studiet. Vidare vil det verte lagt vekt på yrkesrolla i barnehage og skule, profesjonsidentitet og deltaking i profesjonelle læringsfellesskap. Studiet gir innsikt i nasjonal og internasjonal forsking om rettleiing.
 

Nasjonale føringar

 I Nasjonale Retningsliner for grunnskulelærarutdanninga (KD, 2010) og retningsliner for ny barnehagelærarutdanning (KD, 2011) er det krav om at praksislærarar skal ha gjennomført vidareutdanning i rettleiing på minimum 15 studiepoeng. Dette kravet vil også gjelde praksislærarar i vidaregåande opplæring. Rettleiingsutdanninga er eit bidrag til desse tiltaka. 

Læringsutbytte

 I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Studenten skal ha kunnskap om:

  • Varierte teoretiske tilnærmingar til rettleiingsfeltet
  • etiske utfordringar og maktforhold i rettleiing og i læraryrka
  • korleis rettleiing kan nyttast som ein viktig del i utvikling av lærarrolla og i kompetanseutviklingsarbeid i skule og barnehage
  • korleis ein kan inkludere studentar og nyutdanna i eit kritisk, reflekterande fellesskap i barnehage og skule
  • studentar og nyutdanna sine vilkår og utfordringar i skule og barnehage
     
Ferdigheiter

Studenten skal kunne:

  • bruke ulike strategiar og verkty for rettleiing
  • planleggje, grunngje, gjennomføre og evaluere rettleiingsarbeid både sjølvstendig og i samarbeid med andre
  • stimulere læring og utvikling i relasjonar og meistre kommunikasjon på ulike nivå
  • analysere og reflektere kritisk over eigen og andre sin praksis som rettleiar
  • støtte og utfordre både studentar og nyutdanna, nytilsette lærarar gjennom fagleg og pedagogisk rettleiing
Generell kompetanse

Generelt skal studenten:

  • kunne kritisk vurdere ulike rettleiingsteoretiske tilnærmingar i skule og barnehage
  • ha innsikt i relevante etiske problemstillingar knytte til rettleiingsfeltet
  • kunne utveksle synspunkt og erfaringar med andre innanfor fagområdet og gjennom dette medverke til utvikling av god praksis
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet er samlingsbasert. Det er obligatorisk frammøte til alle samlingar.

Rettleiings- og mentorutdanning 2
Navn: 
Rettleiings- og mentorutdanning 2
Emne2016 Haust2017 Vår
7.57.5
Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)