Mat, kosthald og helse 1-7/5-10
Studiet skal gje studenten grunnleggande kunnskapar og ferdigheiter i det å undervise i Mat og helse i grunnskulen. Studenten vel innretting mot 1.-7. eller 5.-10. årssteg. Mat og Helse er knytt både til ein naturfagleg og ein helsefagleg komponent og studentane skal gjennom faget lære å sjå samanheng mellom ernæring og helse. Skulen i seg sjølv ønskjer å vere ein helsefremjande og førebyggjande institusjon, og faget Mat og helse er ein viktig del av folkehelsearbeidet. Studiet er både teoretisk og praktisk, og studentane skal lære å planlegge ei undervisning som tek vare på både dei praktiske og teoretiske sidene. Studentane skal gjennom studiet verte fortruleg med faget sin plass i skulen og tileigne seg kunnskap om undervisning og læring i Mat og helse sett i lys av læreplanen Kunnskapsløftet (LK06). Dei skal lære å sjå matlagingsaktivitetar og helse i høve til ulike målgrupper, aldrar og kulturar slik at ein tilpassar undervisninga til individuelle behov. Dei skal og lære å sjå mat i eit globalt perspektiv, der matproduksjon og bærekraft er knytt tett saman. Vidare må dei kritisk kunne vurdere kjelder, innhald og motiv i ein digitalisert kvardag der skiljet mellom fakta og reklame ikkje alltid er tydeleg, og sette dette inn i ein didaktisk samanheng.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Etter fullført studium skal studenten ha
- kunnskap i ernæringslære og helse, og korleis ein kan arbeide førebyggjande og helsefremjande i eit kosthaldsperspektiv
- kunnskap om skulefaget Mat og helse; undervisning, metodikk, fagdidaktikk
- kunnskap om stoffa maten er bygd opp av, korleis desse reagerer når maten vert laga til og korleis dette kan nyttast i matlaging og læringsarbeid
Etter fullført studium skal studenten
- ha ferdigheiter i matlaging og korleis oppbevare og handsame mat
- kunne planlegge og gjennomføre undervisning i Mat og helse i skulen
- kunne setje saman eit fullverdig kosthald til ulike grupper
- kunne planlegge og gjennomføre ulike slag av læringsaktiviteter knytt til mat, t.d. eksperimentering med råvarer og næringsstoff
Etter fullført studium skal studenten
- syne eit reflektert forhold til kosthald og kosthaldsplanlegging i høve ulike grupper
- kunne tenke systematisk kring matlaging og eksperimentering med mat med utgangspunkt i kunnskap om næringsstoff og matvarer
- kunne reflektere kring undervisning og læring i skulefaget Mat og helse, skulemåltid, og Mat og helse som ramme for tverrfagleg læringsarbeid
- syne eit kritisk og reflektert forhold til mat og helse slik ein møter det i samfunnet i høve offentlege og private aktørar (t.d. helsevesen, media, handel og marknadsføring)
Sjå emneplanane og «praktisk informasjon» for meir informasjon om innhald og organisering.
Sjå studiemodell for meir informasjon om studieløpet.
Emne | 2016 Haust | 2017 Vår |
---|---|---|
Studenten vel mellom MKH101-emna retta mot 1-7 eller 5-10. Studenten må velje same årsstegsinnretning i begge semestera. | 15 | |
15 | ||
15 | ||
Studenten vel mellom MKH102-emna retta mot 1-7 eller 5-10. Studenten må velje same årsstegsinnretning i begge semestera. | 15 | |
15 | ||
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |
Ei rettleidd og vurdert praksisperiode på minimum 10 dagar inngår som integrert del for dei som tek studiet som del av ei lærarutdanning. Studentar som ikkje skal ha praksis må gjennomføre eit kompensatorisk arbeid, sjå emneplanane.
Studentane må betale materialpengar i faget, kr. 900,- per emne, totalt kr. 1800,-. Delar av undervisninga kan verte lagt utanfor høgskulen og studentane må da sjølv syte for transport til og frå undervisningsstad.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)