Vidareutdanning for lærarar i norsk, språk og litteratur. Nettbasert
Vidareutdanning i norsk, språk og litteratur er eit tilbod for studentar som har 30 stp. norsk frå lærarutdanninga, og som ønskjer vidareutdanning. Tilbodet er sett saman av to emne frå årsstudiet i norsk. Vidareutdanning i norsk språk og litteratur gir 30 studiepoeng i tillegg til dei 30 studiepoenga frå Norsk i lærarutdanninga.
Studiet gir undervisningskompetanse i skuleverket. Studiet kvalifiserer også for opptak på fordjupingsstudiet i norsk (nordisk) språk og/eller litteratur ved HVO.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:
Etter fullført studium skal studenten:
- ha grunnleggande kunnskapar om norsk språk og litteratur i fortid og notid
- kunne gjere greie for språk i sosial, kulturell og historisk samanheng
Etter fullført studium skal studenten vere fortruleg med hovudprinsipp for tekst- og sjangeranalyse
Etter fullført studium skal studenten
- kunne formulere ein samanhengande, resonnerande tekst i samsvar med generelle krav til akademisk oppgåveskriving
- ha solide ferdigheiter i nynorsk og bokmål
I haustsemesteret ligg vekta på grunnleggande innføring i dei litterære hovudsjangrane og i praktisk tekstanalyse. Språkdelen i vårsemesteret har eit kulturperspektiv. Her blir det arbeidd med språket i lys av historiske og sosiale forhold.
Studiet er sett saman av to emne, kvart på 15 studiepoeng. Fagplanar og pensum finn du i emneomtalane.
Undervisninga blir gitt gjennom nettleksjonar og oppgåveskriving med individuell rettleiing.
Arbeidskrav og eksamensoppgåver i litteraturemnet NO103N-AVG skal skrivast på nynorsk og i språkemnet NO102N-AVG på bokmål.
Emne | 2016 Haust | 2017 Vår |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |
Emne | 2018 Vår | 2018 Haust |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |
Det er ikkje knytt praksis til dette studiet.
Studiet er delfinansiert med studieavgift kr. 8 000 (4 000 pr emne) + semesteravgift. Studiet vert også tilbydd samlingsbasert utan studieavgift.
Studiet blir evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.