Vidareutdanning i digital kompetanse i læring - studiestad Volda
Dette studiet søker du som vidareutdanning om du er lærar med jobb i grunnskulen og vil ha påfyll i digital kompetanse som del av vidareutdanning din kommune tilbyr. Studiet er fleksibelt og nettbasert med samlingar i din kommune, og med ein progresjon og innhald tilpassa lærarkvardagen. Målgruppa for studiet er lærarar i grunnskule og vidaregående skule, pedagogar i barnehage og skuleleiarar.
Det primære føremålet er å sette pedagogar i skule og barnehage i stand til å nå mål i planverket med støtte i kreativ og målretta bruk av digitale verkty og arbeidsmåtar. Studiet er nettbasert med fire samlingar per emne, og har studieavgift. Det krev at studenten på førehand har grunnleggjande kjennskap til internett og IKT-verktøy. Du bør dessutan ha ein viss kjennskap til det daglege arbeidet i skulen/barnehagen.
Studiet gjer det mogleg for studentar å velje emne etter interesse og behov. DKLK består av fleire frittståande emne, kvart på 5 studiepoeng. Dei ulike emna tek føre seg digital kompetanse frå kvar sine perspektiv, og utgjer til saman ei heilskapleg forståing for korleis digitale verkty kan implementerast i læring. Emna går parallelt kvart semester, med samlingar til same tid, så ein kan berre ta eit emne per semester. Du kan setje saman emna som passar best for deg. Uansett kva emne du vel, kan arbeidsoppgåver integrerast og brukast i det daglege virke ditt i skulen eller barnehagen. I praksis vil det seie at du løyser oppgåver tilpassa det skuleslaget og dei faga du jobbar med.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram (eller utdanning?)
Kandidaten i Vidareutdanning i digital kompetanse i læring har, avhengig av emneval:
- kunnskap om skulerelevante verkty for arbeid med tekst, tal, lyd og bilde
- kunnskap om korleis digitale media kan verke inn på sosialisering, identitetsdanning og samfunns- og skuleutvikling
- kunnskap om born og unge sin digitale kvardag og didaktiske mogligheiter og utfordringar i grenselandet mellom skulekultur og fritidskultur
- kunnskap om vurdering av digitale media og medieuttrykk
- kunnskap om bruk av medie- og kommunikasjonsteknologi i vurderingsarbeid og tilpassa opplæring
- kunnskap om styringsdokument og relevant metodikk i prosessar med integrering av digitale verkty og arbeidsmåtar
- kunnskap om skulerelevante verkty og metodar for produksjon av medieinnhald som nettavis, nettradio og video
Kandidaten i Vidareutdanning i digital kompetanse i læring kan, avhengig av emneval:
- arbeide med og tilverke digitalt materiale for bruk i læringsarbeid
- rettleie og vurdere elevar i arbeid med digitale media og medieuttrykk
- nyttiggjere seg kunnskapar om medie- og kommunikasjonsteknologi og barn og unge sin digitale kvardag til å identifisere situasjonar der integrering av digitale verkty og arbeidsmåtar kan gje meirverdi i læringsarbeid
- ta avgjerder i samsvar med god didaktikk, metodikk og etikk i digitale arbeidsmåtar i skulen
- identifisere vilkår for føremålstenleg integrering av digitale verkty i læringsarbeid
- rettleie andre i prosessar med integrering av digitale verktøy og arbeidsmåtar
- rettleie andre i arbeid med skulerelevante verkty for produksjon av medieinnhald
- reflektere over eiga fagleg utvikling og gjere seg nytte av rettleiing i arbeid med teoretiske og praktiske oppgåver
Kandidaten i Vidareutdanning i digital kompetanse i læring:
- har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar
- kan planleggje og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt åleine og som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer
- kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar gjennom relevante uttrykksformer
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre og slik medverke til utvikling av god praksis
Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil bli relatert til læring og formidling. Emnet er organisert med ein kombinasjon av samlingar, utprøving i eige klasserom og nettbaserte læringsressursar. Ein kan berre ta eit emne per semester, då samlingane er lagt til same tid.
Emne | 2017 Haust |
---|---|
5 | |
Sum (5 total) | 5 |
Du må disponere ei berbar datamaskin, eit webkamera og eit digitalt fotografiapparat (eller mobilkamera).
Studieavgift er avhengig av emne. Sjå den enkelte emneplanen for nærare informasjon.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)