Engelsk 2 for 5-10 årssteg, Kompetanse for kvalitet
Engelsk 2, 5-10 Kompetanse for kvalitet: vidareutdanning for lærarar gir ferdig utdanna lærarar ei fordjuping i engelsk språk, fagdidaktikk og litteratur/kultur som kvalifiserer til undervisning i faget på mellom- og ungdomssteget. Studiet omfattar kunnskap om grammatiske og fonologiske strukturar i det engelsk språket og utvikling av eiga språkferdigheit, tekstkompetanse og produktivt ordforråd. Studiet tek for seg kulturuttrykk og samfunnsmessige trekk frå den engelskspråklege verda, samt skjønnlitteratur, dramatikk og poesi. Kunnskap om og trening i å lese og bruke litterære tekstar for unge står sentralt i studiet. Det blir lagt vekt på engelskundervisning for 5.-10. årssteg, kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa og deira språkutvikling. Studentane vil få innsikt i ulike læringsaktivitetar og arbeidsmåtar.
I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:
Studenten
- har vidare kunnskap om korleis barn og unge lærer andrespråk/framandspråk og korleis ein kan fremje slik læring.
- har kunnskap om sjangrar og sjangerkrav på engelsk, skriftleg og munnleg
- har kunnskap om dei krav samfunnet stiller til undervisning i andrespråk/framandspråk
- har kunnskap om utvikling av dei grunnleggande ferdigheitene innan engelskfaget
- kjenner hovudtrekk ved kultur og samfunn i engelsktalande land
- kjenner eit utval litterære tekstar til både personleg vekst og undervisningsbruk
Studenten kan
- bruke engelsk sikkert og funksjonelt skriftleg og munnleg tilpassa målgruppa i ulike situasjonar
- analysere og diskutere engelskspråklig litteratur, kultur og samfunn i eit globalt perspektiv på ein kritisk måte
- bruke kunnskapen sin om engelsk språk, litteratur og kultur, og didaktikk til å legge til rette for god språklæring og læring om andre kulturar
- bruke IKT for å fremje språklæring
Studenten kan
formidle relevant fagstoff og kommunisere på engelsk på ein måte som er tilpassa målgruppa
reflektere over eiga læring og praksis i forhold til etiske grunnverdiar og skulens ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevane si utvikling i engelskfaget
Studiet er nettbasert med to 2-dagars samlingar i Volda kvart semester + ei vekessamling i York. Samlingane har obligatorisk oppmøte. Studentar som kan dokumentere gjennomført vekessamling i York i samband med tidlegare gjennomført engelskstudium får denne samlinga omgjort til eit ekstra arbeidskrav. HVO dekkjer overnatting og kursavgift på samlinga i York. Nettundervising vert gitt i læringsportalen Fronter og Adobe Connect.
For å gå opp til eksamen i eit emne må alle arbeidskrav knytt til emnet vere oppfylt.
Emne | 2017 Haust | 2018 Vår |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |
Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett, nødvendig programvare og utstyr som webkamera og hovudtelefon med mikrofon.
Då opptak på studiet føreset fullført lærarutdanning, er det ikkje krav til praksis i studiet.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)