Idrett
Ved fullføring av dette studiet skal studenten kunne planlegge og legge til rette for auka idrettsleg deltaking og helsefremjande aktivitet. Studenten skal også kunne planlegge og drive opplæring i idrett innanfor skule, frivillige organisasjonar og andre institusjonar. Studiet inngår som ein del av bachelorgradstudiet i idrett/friluftsliv ved HVO, men kan også sjåast på som eit sjølvstendig, avsluttande studium med sikte på auka kompetanse i idrett for arbeid i skuleverk og organisasjonar o.a. Studiet er svært relevant for lærarar, trenarar og andre arbeidsgrupper som vil arbeide med barn og ungdom. Idrett årsstudium kan også innpassast i andre bachelorstudium ved HVO og andre utdanningsinstitusjonar både i innland og utland. Bachelor idrett gir grunnlag for opptak på PPU i kroppsøving. Studiet kan veljast av studentar 4. studieår i allmennlærarutdanninga.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonerammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:
Kandidaten
- har grunnleggjande kunnskap om barn og unge si læring og utvikling, både fysisk, psykisk og sosialt
- skal kritisk kunne reflektere kring fagdidaktiske teoriar og praksis knytt til undervisning og instruksjon
- har grunnleggjande kunnskap om korleis ein kan legge til rette for læring i ulike idrettslege disiplinar tilpassa ulik alder, modning, utviklingsnivå og føresetnader
- har fagspesifikk og grunnleggjande kunnskap om dei ulike praktiske disiplinane i studiet
- har grunnleggjande kunnskap om kroppsøvingsfaget og idretten si historie, tradisjon, eigenart og samfunnsrelevans
- har grunnleggjande kunnskap om kva for betyding leik, idrettsaktivitet og friluftsliv kan ha for bevegelsesglede, utvikling, læring og helse
Kandidaten
- kan reflektere over eiga faglege utøving og justere denne under rettleiing
- kan beherske grunnleggjande analysereiskap, teknikkar og uttrykksformer
- kan planleggje, leie, leggje til rette, gjennomføre og vurdere allsidig aktivitet både for barn, unge og vaksne i ulike skuleslag og i den organiserte idretten
- kan demonstrere og vurdere ulike bevegelsesløysingar og setje i verk tiltak for å fremje ei føremålstenleg bevegelsesutvikling som gir gode meistringsopplevingar
- har grunnleggjande ferdigheiter i å kunne leggje til rette for læring i ulike idrettslege disiplinar tilpassa alder, modning, utviklingsnivå og føresetnader
- har grunnleggjande ferdigheiter i utvalde disiplinar innan idrett og friluftsliv
Kandidaten
- kan utøve kritisk og sjølvstendig tenking
- kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som strekkjer seg over tid, aleine og som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningsliner
- kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante utrykksformer
- har praktisk erfaring med og kan rettleie innan idrett
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre innan leik, idrett og friluftsliv og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis
- kan diskutere og arbeide kritisk med problemstillingar knytt til kroppsøving, idrett og friluftsliv ved å bruke kunnskap om idrettsvitskaplege teoriar og metodar
Studiefaget idrett har sin eigenart i arbeidet med praktiske aktivitetar i ulike miljø. Innhaldet i fagstudiet er difor i stor grad praktisk retta og tek til ei viss grad omsyn til lærestoffet som er forpliktande for grunnskulen. 4. års GLU-studentar vil grunna praksis vere fritatt noko undervisning.
Idrett årsstudium består av 4 emne:
- IFL101 Motorisk læring (haust)
- IFL116 Idrett- og kroppsøvingsdidaktikk (haust)
- IFL117 Pedagogikk, idrett og samfunn(vår)
- IFL104 Treningslære (vår)
Kvart emne vil innehalde teori, praktisk aktivitet, praktisk metodiske oppgåver, skriftlege prøver/innleveringar (individuelt eller i grupper) og eksamen. IFL101 må takast før IFL104. IFL116 og IFL 117 er opne/ingen forkrav.
Emne | 2017 Haust | 2018 Vår |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | ||
Sum (60 total) | 30 | 30 |
Alle studentane skal være med på å planleggje og undervise barn og unge med særlige behov i samband med kurs i Friluftsliv, fysisk aktivitet og funksjonsnedsetting/Spenningskurset (vinter). Omfanget av denne praksisen vil vere ca. 20 timar medrekna planlegging/samtale med lærar/rettleiar. Studentane skal vidare ha 20 timar instruksjonspraksis i idrettslag/frivillige institusjonar eller skular. Det er ikkje krav om rettleia praksis.
Studentar kan gjennomføre delar av studiet ved samarbeidande institusjonar internasjonalt, fortrinnsvis i det 3. studieåret evnt. 6. semester.
IFL 117: Kostnader knytt til skikurs (heiskort, reise og evt. opphald) og kurs i Friluftsliv, fysisk aktivitet og funksjonsnedsetting (eigenandel på 350 kr).
Elles litt kostnader knytt til transport til ulike rørslemiljø (eks. friidrett, orientering, observasjon m.m.)
Studentar som ikke har høve til å delta på turane må søke om et alternativt opplegg.
Som alternativ til å reise på samling må studentane framvise dokumentasjon på at læringsmåla knytt til den einskilde samlinga blir oppfylt. Ein plan for alternativt opplegg må godkjennast av emneansvarlig og dekan i god tid på førehand. Det vert stilt høge dokumentasjonskrav.
Kvart emne har ei materialavgift på 200 kr.
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.