See list of study plans starting on:

Musikk og livshandtering 1

Studieprogram: 
Musikk, einskildeemne (avgiftsbasert)
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
15
Studielengd: 
1 semester
Kull: 
2017
Studieplassar: 
15
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Om studiet

Musikk og livshandtering 1 rettar seg inn mot utøvande og pedagogisk verksemd innanfor eit variert spekter av arbeidsplassar i samfunnet, t.d. grunnskulen, kulturskulen, helse- og sosialsektoren, det frie kulturlivet og privat næring.

Studiet inneheld i 2017 eitt frittståande emne på grunnivå: Musikk og livshandtering 1. Dette emnet tek utgangspunkt i musikalsk aktivitet som middel til modning, livshandtering og psykisk velvære, og utforskar dei aspekta både praktisk og teoretisk.

Studiet gjev grunnlag for vidare studium i musikk og kan innpassast i bachelorgraden i musikk ved Høgskulen i Volda. Det kan også innpassast i andre bachelorgrader eller i ei faglærarutdanning, som gir grunnlag for opptak i praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Med dette studiet innpassa i ein bachelorgrad vil ein kunne søke seg vidare på masterstudiet Meistring og myndiggjering ved HVO. For å få formell undervisningskompetanse for grunnskulen eller vidaregåande skule må ein ha fullført eit praktisk pedagogisk studium i tillegg. (Opptakskriteria for allmennfagleg PPU ved HVO er å finne på http://www.lovdata.no/cgi-wift/ldles?doc=/sf/sf/sf-20051209-1715.html#map009). Studiet kan også danne grunnlag for undervisning i kulturskulen.

Læringsutbytte

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Studenten:

     •    har grunnleggande kunnskap om musikkspråket, samsongen, den frie improvisasjonen, det akustisk svarande rommet, inspirasjonen – og refleksjonen omkring alt dette -som hjelp til å handtere livet sitt og finne indre balanse.

     •    har kjennskap til forskings- og utviklingsarbeid som blir drive innanfor samanhengen mellom musikkutøving/-skaping og livshandtering.

     •    har kjennskap til korleis ho kan oppdatere og utvide kunnskapen sin om musikkspråket, samsongen, den frie improvisasjonen, det akustiske rommet og inspirasjonen.

     •    har kunnskap om teknikkar for å uttrykke seg i musikkspråket, i samsong, i fri improvisasjon, i svarande akustikk og å finne inspirasjon, i historisk perspektiv, og om desse teknikkanes eigenart og samfunnsmessige rolle.

Ferdigheiter

Studenten:

     •    kan bruke kunnskapen om musikkspråkets, samsongens, den frie improvisasjonens, det akustisk svarande rommets og inspirasjonens velværefremjande og livshandteringsmessige rolle på eige musikalsk arbeid.

     •    kan reflektere over eige livshandteringsrelatert musikalsk arbeid og justere dette under rettleiing.

     •    kan finne, vurdere og vise til informasjon og kunnskap om livshandteringsrelaterte musikalske prosessar og framstille dette slik at det belyser ei problemstilling.

     •    kan beherske teknikkar for å uttrykke seg musikalsk, teknikkar for fri improvisasjon, for utnytting av akustisk svarande rom og for å finne inspirasjon, og bruke desse teknikkane til musikkaktivitet i eit helse- og livshandteringsperspektiv.

Generell kompetanse

Studenten:

     •    har innsikt i faglege og etiske problemstillingar knytt til samanhengen mellom musikk og livshandtering.

     •    kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som strekker seg over tid innanfor helse- og livshandteringsrelatert musikalsk verksemd, åleine og som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer.

     •    kan formidle sentrale idear, problemstillingar og løysingsmetodar innanfor livshandteringsrelatert musikalsk arbeid, både skriftleg, munnleg og praktisk-musikalsk.

     •    kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre med bakgrunn i musikkspråkets, samsongens, den frie improvisasjonens, og inspirasjonens relasjon til helse/livskvalitet/livshandtering, og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis.

     •    kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar innanfor helse- og livshandteringsrelatert musikalsk arbeid.

Organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga vil vere samlingsbasert, med tre konsentrerte bolkar gjennom semesteret. Kvar bolk vil gå frå torsdag til og med søndag. Dagane blir brukte intensivt, men det blir lagt opp til pause midt på dag, og det vil variere i forhold til arbeidsoppgåvene når ein avsluttar dagane. Arbeidet vil gå føre seg individuelt, i grupper og i plenum. Det vil i hovudsak gå ut på å fylgje førelesingar, delta i praktiske øvingar, løyse oppgåver, få tilbakemelding frå lærar og å utkrystallisere eigne meiningar gjennom diskusjon. Det blir gitt råd og vurdering undervegs av all oppgåveløysing gjennom studiet.

Undervisninga vert gitt på norsk.

Musikk og livshandtering 1
Navn: 
Musikk og livshandtering 1
Emne2017 Haust
MUS107-AVG Musikk og livsmeistring 1
15
Kostnader

kr 4000,-

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Ansvarleg
Magnar Åm