Naturguide
Studentane skal tileigne seg kunnskapar, kjennskap og innsikt, som grunnlag for å kunne gje gjestar og turistgrupper gode og trygge opplevingar i norsk natur. Studiet skal kvalifisere for arbeid som naturguide i høve Norsk Naturguideforbund sin Bransjestandard for naturguide. Fullført studium gir muligheit til å søkje om opptak i Norsk Naturguideforbund.
Studiet kvalifiserer ikkje for aktivitetar som til dømes klatring, brevandring og bratt skikøyring. I tillegg til den emnebaserte undervisninga kan det verte tilbod om ulike kompetansegjevande og dels sertifiserande kurs mot kursavgift.
Studiet er eit sjølvstendig studium, og kan inngå som del av Bachelor i friluftsliv ved Høgskulen i Volda.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten skal ha
- kunnskapar om reiseliv/turisme og friluftsliv som fenomen i det norske samfunnet.
- kunnskapar om lokalgeografiske og lokalhistoriske tema, lokalkultur og tradisjonell bruk av ressursane i kyst- og fjordlandskapet i utvalde regionar.
- kunnskapar om leiing av grupper og om trygg ferdsel for gjestar og turistgrupper.
- kunnskapar om det juridiske ansvaret ein naturguide har i høve annonsering av, samarbeid om, gjennomføring av naturbaserte reiselivsprodukt og tilgrensande tilhøve ved til dømes pakkereiser.
Studenten skal
- meistre friluftsliv i kyst- og fjordlandskap gjennom alle årstidene.
- kunne planleggje, organisere, tilretteleggje og gjennomføre leiing av turar med gjestar og turistgrupper i kyst- og fjordlandskap i alle årstidene.
- kunne formidle fakta, historier og forteljingar rundt lokalgeografi, lokalhistorie og tradisjonell naturbruk i kyst- og fjordlandskap.
- kunne gjere gode vurderingar i risikoproblematikk, frå internkontroll til praktisk handling.
- kunne ivareta gruppa og einskildpersonar sin trivsel og overskot undervegs på tur.
Studenten skal
- ha innsikt i relevante faglege og etiske problemstillingar og kunne utøve kvalifiserte skjønn.
- kunne delta i fagleg utviklingsarbeid knytt til naturguiding for reiselivet.
Studiet vekslar mellom klasseromsundervisning og praktisk undervisning ute. Studentane må sjølve sørge for transport til og frå undervisninga ute, tilrettelegging av utstyr og innkjøp av mat og organisering av matstellet.
Emne- og semesterplanar gir informasjon om krav til frammøte og obligatoriske delar av studiet.
Studiet gir utdanning som naturguide, og er grunnlag for å søkje sertifisering som Norsk Naturguide gjennom Norsk Naturguideforbund. Studiet er retta mot personar som driv eller som ønskjer å starte naturguiding som eiga næring eller å kvalifisere seg til arbeid hos eksisterande reiselivsaktørar.
Emne | 2017 Haust | 2018 Vår |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | ||
Sum (60 total) | 30 | 30 |
Vi føreset at studentane er fysisk skikka og utstyrsmessig utrusta til å ha ansvar for seg sjølv og ta aktivt del i undervisningsopplegga ute. Ein vil bevege seg i ulendt terreng og bere oppakning.Liste over utstyr gjerast kjend før studiestart. Studentane må vere symjedyktige, og det er krav om oppdaterte kunnskapar om førstehjelp og snøskred. Under samlingane ute kan det verte aktuelt å bu i telt.
Studentane skal sjølve leggje til rette fleire av utandørsopplegga, dei skal gjennomføre praktiske og guide-relvante arbeidsoppgåver og dei skal gjennomføre studieferd/ekstern praksis. Studieferd/praksis skal vere godkjent av faglærar.
Kr. 400,- pr. semester i materialpengar. Utgifter i samband med reising under samlingane/undervisninga og praksis, samt eigenandel til ulike matprosjekt.
Studentar som ikke har høve til å delta på turane må søke om et alternativt opplegg.
Som alternativ til å reise på samling må studentane framvise dokumentasjon på at læringsmåla knytt til den einskilde samlinga blir oppfylt. Ein plan for alternativt opplegg må godkjennast av emneansvarlig og dekan i god tid på førehand. Det vert stilt høge dokumentasjonskrav.
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.