Vidareutdanning for lærarar i norsk, språk og litteratur. Samlingsbasert
Vidareutdanning for lærarar i norsk, språk og litteratur er eit tilbod for studentar som har 30 studiepoeng i norsk frå lærarutdanninga, og som ønskjer vidareutdanning. Tilbodet er sett saman av to emne frå årsstudiet i norsk. Studiet gir 30 studiepoeng, i tillegg til 30 studiepoeng frå norsk i lærarutdanninga.
Vidareutdanning for lærarar i norsk, språk og litteratur gir undervisningskompetanse i skuleverket. Studiet kvalifiserer også for opptak på fordjupingsstudiet i norsk språk og/eller litteratur ved HVO.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:
Studenten skal
- ha grunnleggande kunnskapar om norsk språk og litteratur i fortid og notid
- kunne gjere greie for språk i sosial, kulturell og historisk samanheng
Etter fullført studium skal studenten skal vere fortruleg med hovudprinsipp for tekst- og sjangeranalyse
Etter fullført studium skal studenten
- kunne formulere ein samanhengande, resonnerande tekst i samsvar med generelle krav til akademisk oppgåveskriving
- ha solide ferdigheiter i nynorsk og bokmål
I haustsemesteret ligg vekta på grunnleggande innføring i dei litterære hovudsjangrane og på praktisk tekstanalyse. Språkdelen i vårsemesteret har eit kulturperspektiv. Her blir det arbeidd med språket i lys av historiske og sosiale forhold.
Studiet er sett saman av to emne, kvart på 15 studiepoeng. Fagplanar og pensum finn du i emneomtalane.
Undervisninga blir gitt gjennom samlingar ved Høgskulen i Volda og oppgåveskriving med individuell rettleiing. Det blir fire samlingar i løpet av semesteret.
Arbeidskrav og eksamensoppgåver i litteraturemnet NO113S skal skrivast på nynorsk og i språkemnet NO112S på bokmål.
Studiet vert også tilbydd som nettstudium med avgift (kr. 4000 pr. emne)
Emne | 2017 Haust | 2018 Vår |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |
Emne | 2018 Vår | 2018 Haust |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |
Det er ikkje praksis knytt til studiet.
Studiet blir evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.