See list of study plans starting on:

Historie 4 x 15 stp nettstudium, heiltid, studiestart vår

Studieprogram: 
Historie 4 x 15 stp, nettstudium, heltid
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
60
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2018
Studieplassar: 
50
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Om studiet

Studiet gir ei grunnleggjande innføring i norsk og internasjonal historie frå tidleg mellomalder og fram mot vår tid, i tillegg til ein elementær introduksjon i historisk metode. Studiet skal trene studentane i å forstå samanhengar og utvikling over tid, og hjelpe til med å skape ei reflektert haldning til vår eiga samtid. I ei tid med snøgge endringar er det viktig å halde ved like kunnskapane om fortida, fordi historie alltid vil vere eit viktig og nødvendig fundament i notida. Historiestudiet ved HVO skal vere ein møteplass for studentar som søkjer eit historisk perspektiv på vårt mangfaldige notidssamfunn.

Studiet er godkjent som undervisningsfag i skulen og som tilleggsutdanning for lærarar i høve til reglane om lønnsopprykk og adjunktkompetanse.

Studiet kan gå inn som årsstudium, emnegruppe og/eller del av fordjupingsfag i ei lang rad bachelorutdanningar ved Høgskulen i Volda (HVO), andre høgskular og universitet. Som del av fordjupingsfag i ei bachelorutdanning kan det nyttast som opptaksgrunnlag til fleire masterstudium, m.a. Kulturmøte ved HVO og alle masterstudium i historie ved norske universitet.

Historiestudiet høver òg godt som grunnlag for vidare studium innanfor t. d. media/informasjon, kulturadministrasjon, bibliotekteneste m. v.

Læringsutbytte

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Studenten

  • har grunnleggjande oversikt over norsk og internasjonal historie frå tidleg mellomalder i Europa (vikingtida i Noreg) og fram mot vår tid, kan trekke samanhengar mellom desse og samanlikne desse
  • har innblikk i framveksten og utviklinga av utvalde ikkje-europeiske sivilisasjonar
  • har gjennom valfritt grunnemne eller fordjupingsemne, utvida kunnskap og innsikt i eit meir avgrensa område el. tema
  • har grunnleggjande kunnskapar om historisk metode, teori og historiografi
Ferdigheiter

Studenten

  • kan tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling
  • kan skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innafor gjevne tidsrammer
  • kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
Generell kompetanse

Studenten

  • kan sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
  • kan handtere informasjonsmengder av eit visst omfang, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
  • kan dokumentere skriftlege arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet er sett saman av 4 emne à 15-studiepoeng. Tre av emna er obligatoriske grunnemne i oversynshistorie, og i tillegg vel ein eitt teoretiske fordjupingsemne. Studentar som vel eit fordjupingsemne som sitt siste emne, skal ha fullført minst 2 av dei obligatoriske grunnemna før oppstart. Det er opptak til studiet både haust og vår. Studiet kan og gjennomførast som deltidsstudium, sjå eiga studieplan. Heiltidsstudenten gjennomfører to emne pr. semester.

Studiet er nettbasert og alle innleveringar av oppgåveutkast m.m. skjer i eit digitalt læringsverkty. Det er derfor ein føresetnad for å kunne studere historie i Volda, at studenten er fortruleg med internettbruk: navigering i nettlesar, bruk av diskusjonsforum og opp- og nedlasting av filer. Det blir lagt ut detaljerte rettleiingar i slik bruk av verktyet på nettet.

Historie 4 x 15 stp nettstudium, heiltid, studiestart vår
Navn: 
Historie 4 x 15 stp nettstudium, heiltid, studiestart vår
Emne2018 Vår2018 Haust
Studenten vel to grunnemne i første semester:
3030
 
1515
 
1515
 
1515
Studenten vel eit grunnemne og eit fordjupingsemne i andre semester:
 
15
 
15
Anna
Ein bør merkje seg at studiet stiller krav om at du kan tilrettelegge di eiga arbeidstid. Det er også viktig med gode leseferdigheiter i engelsk, da ein del av pensumlitteraturen ikkje er omsett til norsk.
Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Ansvarleg
Harald Endre Tafjord, 70075074, haraldt@hivolda.no