Musikk, opne fordjupingsemne (vår)
Vidareutdanningsstudium i musikk inneheld seks frittståande emne som kvar for seg er fordjupingsstudium og som byggjer på Årsstudium i musikk ved Høgskulen i Volda. Studenten vil kunne utvikle haldningar, kunnskapar, ferdigheiter og handlingskompetanse i musikk, gjennom arbeid med eitt eller fleire av fylgjande hovudområde: arrangering, komponering, utøving og formidling, instrumentaldidaktikk, ensembleleiing og musikkteknologi.
Studiet rettar seg inn mot utøvande og pedagogisk verksemd innanfor eit variert spekter av arbeidsplassar i samfunnet, t.d. grunnskulen, kulturskulen og andre samfunnsinstitusjonar, det frie kulturlivet og privat næring.
Studiet gjev grunnlag for vidare studium i musikk og kan innpassast i bachelorgraden i musikk ved Høgskulen i Volda. Det kan også innpassast i andre bachelorgradar eller i ei faglærarutdanning, som gjev grunnlag for opptak i praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). For å få formell undervisningskompetanse for grunnskulen eller vidaregåande skule må ein ha fullført eit praktisk pedagogisk studium i tillegg. (Opptakskriteria for allmennfagleg PPU ved HVO er å finne på http://www.lovdata.no/cgi-wift/ldles?doc=/sf/sf/sf-20051209-1715.html#map009). Dei ulike emna i studiet kvalifiserer også for undervisning i kulturskulen.
Læringsutbytte i studiet vert konkretisert i dei ulike emneplanane.
Kunnskapar i studiet vert konkretisert i dei ulike emneplanane.
Dugleikar i studiet vert konkretisert i dei ulike emneplanane.
Generell kompetanse i studiet vert konkretisert i dei ulike emneplanane.
Studenten kan velje fleire emne. For oversikt sjå emnetabellen.NB! Det er ulike krav til forkunnskapar på emna. Desse går fram av emneplanane. Sjå lenke til den enkelte emneplanen i emnetabellen.
Emne | 2018 Vår | 2018 Haust |
---|---|---|
Valemne | 15 | 15 |
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |
Det kan verte lagt til rette for observasjonspraksis i kulturskulen i emnet MUS201 Instrumentaldidaktikk.
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.