See list of study plans starting on:

Naturfag 2 for 5.-10. årssteg. «Kompetanse for kvalitet».

Studieprogram: 
NF2-510KFK
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2018
Studieplassar: 
35
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Heiltid
Deltid
Opptakskrav

Fullført lærarutdanning og 30 studiepoeng naturfag frå tidligare utdanning.

Om studiet

Studiet er eit vidareutdanningstilbod til lærarar som har 30 studiepoeng naturfag i si tidlegare utdanning. Innhaldet i studiet svarar til Naturfag 2 i grunnskulelærarutdanninga for 5.-10. årssteg og byggjer soleis på Naturfag 1. Gjennom studiet skal studenten tileigne seg solid fagleg og fagdidaktisk grunnlag for å kunne planleggje, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i naturfag. Studenten skal tileigne seg kompetanse til å undervise naturfag i dagens skule, samt kunne bidra til å utvikle og forme framtidas naturfag ved eigen skule.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:

Kunnskapar

Studenten

  • skal ha gode kunnskapar på fagområda biologi, fysikk, geofag og kjemi, og dermed ha eit solid grunnlag for å undervise på 5.-10. årssteg i grunnskulen
  • skal ha kunnskap i naturfagdidaktiske tema som er relevante for fagstoffet og undervisninga i skulen
  • skal ha kjennskap til naturfagdidaktisk forsking som er relevant både for utvikling av eigen undervisningskunnskap og for elevar si læring
Ferdigheiter

Studenten

  • skal kunne planlegge, gjennomføre og vurdere naturfagundervisning for elevar på 5.-10. årssteg
  • skal ha gode praktiske ferdigheiter i munnleg og skriftleg kommunikasjon i faget, og kompetanse til å fremje slike ferdigheiter hjå elevane
  • skal kunne bruke kunnskap i naturfagdidaktiske tema samt naturfagdidaktisk forsking for å utvikle eigen undervisning i faget
  • skal kunne bidra i lokalt læreplanarbeidet
Generell kompetanse

Studenten

  • skal øve opp evna til kritisk tenking på områder i samfunnet der naturvitskap er relevant
  • skal øve opp evna til refleksjon kring elevar sitt forhold til naturfag og naturvitskap i og utanfor skulen
  • skal vise evne til å samarbeide med andre om å gjennomføre, og utvikle, naturfagundervisning og lokale læreplanar
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet er sett saman av dei to emna NF103-510KFK (haust eller vår) og NF104-510KFK (vår), kvart på 15 studiepoeng. Hovuddelen av teoriundervisninga går føre seg på nett. Det er obligatorisk frammøte til all praktisk undervisning, to samlingar per semester á 2-3 dagar, sjå Forskrift om studium og eksamen § 4-6. Studiet inneheld skriftlege arbeidskrav og sluttvurderingar gjennomførast i form av skriftleg eksamen.

Naturfag 2 for 5.-10. årssteg, Kompetanse for kvalitet
Navn: 
Naturfag 2 for 5.-10. årssteg, Kompetanse for kvalitet
Emne2018 Haust2019 Vår
NF103-510KFK kan tas enten høst eller vår
1515
 
1515
 
NF104-510KFK Naturfag 2 - Biologi og geofag (5-10)
15
Krav til utstyr eller ferdigheiter

Ingen

Krav om skikkavurdering og autorisasjon

Ingen

Praksis

Studiet inneheld ikkje organisert praksis, men det er ein føresetnad at studenten knyter studia til eigen arbeidssituasjon. Arbeidskrav vil verte knytt til eigen undervisning eller observasjon av andre si undervisning i grunnskulen.

Internasjonalisering

Ingen

Kostnader

Ingen

Anna
Studiet kan gjennomførast på eitt (heiltid) eller to (deltid) semester. Undervisninga vert ikkje starta opp dersom færre enn 5 studentar melder seg til emna som inngår i studieplanen.
Ansvarleg
Førsteamanuensis Øyvind A. Schnell, tlf. 7007 5475, e-post: oyvindsc@hivolda.no