Norsk (nordisk) 4x15 stp, nettstudium, deltid (vår)
Studiet kan utgjere ein del av ein bachelorgrad og kan nyttast som grunnlag for fordjuping i norsk. Med sin særeigne kulturprofil gir studiet også eit godt grunnlag for eit seinare mastergradsstudium i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda.
Gjennom studiet skal studentane tileigne seg kunnskapar som er naudsynte anten dei skal bli norsklærarar eller bruke fagkunnskapen i andre yrkessamanhengar der ein treng kompetanse i norsk språk og litteratur. Det gjeld mellom anna informasjonsarbeid og arbeid i presse eller forlag.
Undervisninga i det nettbaserte årsstudiet blir gitt gjennom nettleksjonar og oppgåveskriving med individuell rettleiing.
I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:
Studenten skal
- ha grunnleggande kunnskapar om norsk (nordisk) språk og litteratur i fortid og notid
- vere i stand til å gjere greie for korleis språk og tekst fungerer i praktisk og kulturell samanheng
Studenten skal
- vere fortruleg med metodiske hovudprinsipp for analyse av språk og tekst i ulike sjangrar
Studenten skal
- kunne formulere ein samanhengande, resonnerande tekst i samsvar med generelle krav til akademisk oppgåveskriving
- ha solide ferdigheiter i nynorsk og bokmål
Studiet er sett saman av fire emne på 15 studiepoeng kvar, to i språkkunnskap og to i litteraturkunnskap. Kvart emne er delt inn i tre tyngdepunkt. Dei to haustemna gir grunnleggande innføring i nordisk språk- og litteraturvitskap. Ein rår til at studentane tek desse emna først. I vårsemestret har både det språklege og det litterære emnet eit kulturelt perspektiv.
Studentane tek eksamen i kvart emne. For å få godkjent studiet som årsstudium må ein ta eksamen i alle fire emna. Arbeidskrav og eksamensoppgåver i to av emna skal skrivast på bokmål og i to av emna på nynorsk. I evalueringa av eksamenssvara blir det lagt vekt både på fagleg og språkleg dugleik.
NO101N Språket som struktur gir studentane generell innføring i språkkunnskap, og emnet gir eit felles grunnlag for studiet av norsk (nordisk) språk.
NO102N Språket som kultur tek for seg språket i fortid og notid, og gir studenten teoretisk innsikt i forholdet mellom språk og samfunn.
NO103NTekst og struktur gir innføring i dei litterære hovudsjangrane. Pensum er sett saman av sjangerteori, litteraturhistorie og eit utval litterære tekstar.
NO104N Tekst og kultur gir innføring i den litterære produksjonen i tre uliker periodar. Det blir lagt vekt på å analysere tekstane i ein kulturell og historisk samanheng.
Emne | 2018 Vår | 2018 Haust | 2019 Vår | 2019 Haust |
---|---|---|---|---|
15 | ||||
15 | ||||
15 | ||||
15 | ||||
Sum (60 total) | 15 | 15 | 15 | 15 |
Kr. 16 000
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.