See list of study plans starting on:

Digitale verktøy i matematikkundervisninga - vidareutdanning for lærarar

Studieprogram: 
Programmering og andre digitale verktøy i matematikkundervisninga (nett- og samlingsbasert)
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
15
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2019
Studieplassar: 
50
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Fullført lærarutdanning og 30 studiepoeng matematikk.

Om studiet

Gjennom studiet får studentane vidareutvikle sitt didaktiske og faglege grunnlag for å bruke digitale verktøy i matematikkundervisinga. Emnet gjev studentane kompetanse i kritisk refleksjon over korleis, kvifor og når bruke digitale verktøy i undervisninga. Refleksjonen vil mellom anna vere basert på vurderingar av kva fordelar og ulemper ulike digitale verktøy har.

Læringsutbytte

I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram: 

Kunnskapar

Studenten

  • har brei kunnskap om pedagogisk bruk av IKT i matematikkundervisninga som fremjar læring
  • har undervisningskunnskap i bruk av GeoGebra og rekneark i matematikkopplæringa i grunnskulen
  • kan vurdere korleis ulike digitale verktøy påverkar elevane si læring i matematikkfaget.
  • har kjennskap til nokre digitale nettressursar for aktuelt skuleslag som kan fremje læring i matematikk, og kan vurdere desse mot kvarandre
Ferdigheiter

Studenten

  • har spesialkunnskap i bruk av eit utvalt digitalt verktøy i matematikkundervisninga, og vere ressursperson for kollegaer i dette verktøyet
  • kan bidra i lokalt læreplanarbeid med integrering av digitale ressursar i undervisninga
  • kan bruke digitale verktøy som reiskap for å tilrettelegge undervisinga
  • kan ta i bruk digitale verktøy ved vurdering av elevane sitt læringsutbytte
Generell kompetanse

Studenten skal

  • kunne delta og bidra i lokalt utviklingsarbeid knytt til digital matematikkundervisning og utvikle matematikklærarar sin praksis i bruk av digitale verktøy i undervisinga
  • utvikle haldningar til, forståing for og refleksjon over bruken av digitale verktøy i matematikk
Organisering og arbeidsmåtar

Emnet er nettbasert med ei obligatorisk samling i Volda (på to dagar). (Jf. Forskrift om studium og eksamen § 4-6. http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/§4-6). Nettleksjonane vert gitt i høgskulen si gjeldande læringsplattform (per i dag Canvas). Emnet i studiet har arbeidskrav som må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen. 

Digitale verktøy i matematikkundervisninga - vidareutdanning for lærarar
Navn: 
Digitale verktøy i matematikkundervisninga - vidareutdanning for lærarar
Emne2019 Haust2020 Vår
7.57.5
Emnet på 15 stp går over to semester.
Krav til utstyr eller ferdigheiter

Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett (av god kvalitet), nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon.

Praksis

Studiet inneheld ikkje eigen praksis.

Kostnader

Studiet har ei studieavgift på kr. 4.000,- 

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Ansvarleg
Arve Fiskerstrand, arve.fiskerstrand@hivolda.no, tlf. 70 07 54 34