Religion, livssyn og etikk, opne emne, nettstudium, oppstart vår
Studiet gir grunnleggjande kunnskapar om religionar, livssyn, etikk og filosofi. Vidare gir studiet innsikt i religions- og livssynmangfaldet i Noreg, og er derfor viktig for fleire yrkesgrupper som møter slikt mangfald, t.d. i helsesektoren, i media og i kyrkja. Dei ulike emna i nettstudiet i Reliigon, livssyn og etikk kan innpassast i ulike bachelorgrader. Saman med praktisk pedagogisk utdanning (PPU) kvalifiserer studiet for undervisning i KRLE på mellomtrinnet og ungdomstrinnet i grunnskulen og i RE i vidaregåande skule. Ver merksam på at frå hausten 2019 vil det bli krevd masterutdanning for å få opptak til PPU.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
- grunnleggjande kunnskapar om religionar, livssyn, etikk og filosofi
- grunnleggjande forståing for kva religiøs tru, livssyn, etikk og filosofi har å seie for einskildmenneske og for samfunnet
- kunnskap om religionsfaget i norsk skule
- analytisk kompetanse i å tolke tekster og andre kulturuttryk
- evne til å reflektere sjøvstendig over religionsfaglege spørsmål
- kan uttrykkje denne kunnskapen skriftleg og munnleg
- Studenten kan bruke kunnskapar og ferdigheiter sjølvstendig i utdannings- og yrkessamanheng
- Studenten har grunnleggjande digital kompetanse
Studiet består av fire emne. Studiet er heilt nettbasert og kontakt med faglærarar, undervisning, arbeidskrav og leksjonar foregår i Canvas.
Emne | 2019 Vår | 2019 Haust |
---|---|---|
Studenten kan velje mellom emna nedanfor | 30 | 30 |
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | ||
Sum (60 total) | 30 | 30 |
Det er ikkje knytt praksis til dette studiet.
Studiet er delfinansiert med studieavgift, kr 16 000 (kr 4000 pr. emne) + semesteravgift.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)