Semestre

REL111N-AVG Bibelen - tekst og tolking

Emnekode: 
REL111N-AVG
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2019 Vår
Eksamenssemester: 
2019 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet kan vere del av både Religion, livssyn og etikk 15x2 og 15x4 stp. nettstudium. Det skal gje god bibelkunnskap, grunnleggjande forståing av bibelske tekstar og innsikt i korleis ein kan nytte tekstar i skulen og i anna opplæring og formidling.

Emnet er delt i tre delemne

Del 1: Innføring i bibelfag

· Bibelens opphav og innhald (tekst- og kanonhistorie)

· Forholdet mellom den jødiske og den kristne Bibelen

· Forholdet mellom bibelforteljing og historie i det gamle Israel

· Historie og kultur i Palestina i bibelsk tid

Del 2: Bibelfagleg tekststudium

· Grunnleggjande tekstanalyse

· Bibellesing og tolking

· Bibelen si verknadshistorie

Del 3: Bibelen i undervisning

· Korleis lese Bibelen som heilskap?

· Prinsipp og arbeidsmåtar for undervisning i Bibelen (bibeldidaktikk)

- Rammene for KRLE-faget i skulen og læreplanarbeid

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

- kunnskap om Bibelen som litterær samling og som religiøst og historisk dokument

- kunnskap om innhaldet i Bibelen

- nærare kunnskap om eit utval bibelske tekster

- kjennskap til Bibelens verknadshistorie i kunst og kultur

- kunnskap om bruk av Bibelen i skulen og i trusopplæring

 

Ferdigheiter

- kunne nytte bibelfagleg litteratur i analyse og tolking av bibelske tekster

- kunne bruke ulike metodar i tolking av tekster frå Det gamle og Det nye testamentet

- kunne drøfte spørsmål som gjeld tolking av Bibelen med fagleg innsikt

- ha fagleg grunnlag for å kunne planlegge og gjennomføre undervisning om bibelske tekster og tema

Generell kompetanse

Etter fullført studium kan studenten

- bruke tekstanalytiske kunnskapar i tolking av gamle tekster

- bruke kunnskapar om Bibelen på ein sjølvstendig og reflektert måte

- bruke kunnskapar og ferdigheiter reflektert og kritisk i utdannings- og yrkessamanheng

- Studenten har grunnleggande digital kompetanse

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er nettbasert og lagt til rette i undervisningsverktyet Canvas. Studiet vert organisert etter ein fastlagt kalender for leksjonar, undervisningsfilmar og arbeidskrav. Fristar for arbeidskrav vert kunngjort ved studiestart.  Som for andre studium ligg det primære ansvaret for læringsutbytet hjå studenten gjennom lesing, oppgåveskriving og aktiv deltaking i Canvas.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

For å kunne gå opp til eksamen i emnet må studenten

- ha fått godkjent to arbeidskrav innan fastsett frist

Oppgåveformuleringar og fristar blir gjort kjent ved studiestart.

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
150
Emneansvarleg: 
Bente Afset
Studieavgift

Kr. 4000.

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Religion, livssyn og etikk, opne emne
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Digital eksamen
Individuell
30 minutt
Stått eller ikkje stått
Begge eksamensdelar må vere bestått for å få godkjent emnet.
Alle
Ei digital prøve
Heimeeksamen
Individuell
5 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Begge eksamensdelar må vere bestått for å få godkjent emnet.
Alle
Heimeeksamen skal ha inntil 3000 ord.
Godkjent av: 
Anne Øie