Rettleiing- og mentorutdanning 1
Målgruppa for studiet er barnehagelærarar og lærarar som skal vere rettleiarar/mentorar for nyutdanna kollegaer og/eller praksislærarar i barnehage, skule, og vidaregåande opplæring. Stortingsmeldingane nr. 11 (2008-2009) Læreren. Rollen og utdanningen og nr. 41 (2008-2009) Kvalitet i barnehagen presiserer behovet for auka rettleiingskompetanse ved at alle nyutdanna lærarar og barnehagelærarar skal få tilbod om rettleiing. Vidare skal kvaliteten i grunnutdanningane si praksisopplæring styrkast mellom anna ved å gi alle praksislærarar tilbod om opplæring i rettleiing. Studiet rettar seg også inn mot rettleiing av kollegaer og barn/elevar. Studiet har ei brei tilnærming til rettleiingsfeltet og legg vekt på utvikling av både kunnskapar om og ferdigheiter i rettleiing. Sentralt i studiet er styrking og utvikling av kommunikative ferdigheiter, relasjonskompetanse, evne til refleksjon og kritisk analyse av eigen praksis som rettleiar. Innsikt i etiske dilemma og maktforhold i rettleiingssituasjonar er også sentralt i studiet. Vidare vil det verte lagt vekt på yrkesrolla i barnehage og skule, profesjonsidentitet og deltaking i profesjonelle læringsfellesskap. Studiet gir innsikt i nasjonal og internasjonal forsking om rettleiing.
I Nasjonale Retningsliner for grunnskulelærarutdanninga ( KD, 2010) er det krav om at praksislærarar skal ha gjennomført vidareutdanning i rettleiing på minimum 15 studiepoeng. Dette kravet vil også gjelde praksislærarar i vidaregåande opplæring. I følgje Retningsliner for barnehagelærarutdanning (KD2019) er det krav om 30 stp rettleiing for å vere praksislærar i barnehagen. Rettleiingsutdanninga er eit bidrag til desse tiltaka.
I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram
Studenten skal ha kunnskap om:
- varierte teoretiske tilnærmingar til rettleiingsfeltet
- etiske utfordringar og maktforhold i rettleiing og i læraryrka
- korleis rettleiing kan nyttast som ein viktig del i utvikling av lærarrolla og i kompetanseutviklingsarbeid i skule og barnehage
- korleis ein kan inkludere studentar og nyutdanna i eit kritisk, reflekterande fellesskap i barnehage og skule
- studentar og nyutdanna sine vilkår og utfordringar i skule og barnehage
Studenten skal kunne:
- bruke ulike strategiar og verkty for rettleiing
- planleggje, grunngje, gjennomføre og evaluere rettleiingsarbeid både sjølvstendig og i samarbeid med andre
- stimulere læring og utvikling i relasjonar og meistre kommunikasjon på ulike nivå
- analysere og reflektere kritisk over eigen og andre sin praksis som rettleiar
- utøve etiske vurderingar i samanheng med rettleiing
- støtte og utfordre både studentar og nyutdanna, nytilsette lærarar gjennom fagleg og pedagogisk rettleiing
Generelt skal studenten:
- kunne kritisk vurdere ulike rettleiingsteoretiske tilnærmingar i skule og barnehage
- ha innsikt i relevante etiske problemstillingar knytte til rettleiingsfeltet
- kunne drøfte teoriar og erfaringar med andre innafor fagområdet og gjennom dette medverke til nytenking og utvikling av god praksis
Studiet er samlingsbasert med fire todagars samlingar. Det er obligatorisk frammøte til alle samlingar. Samlingane vert studieåret 2019-20 lagt til Molde
Sjå emneplanen for informasjon om samlingar
Emne | 2019 Haust | 2020 Vår |
---|---|---|
7.5 | 7.5 | |
Sum (15 total) | 7.5 | 7.5 |
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.