See list of study plans starting on:

Miljøterapi i demensomsorga

Studieprogram: 
Miljøterapi i demensomsorga
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
15
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2019
Studieplassar: 
30
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse. 

Om studiet

Studiet skal vere med å styrkje den pedagogiske og kommunikative kompetansen til personar som arbeider i demensomsorga. Målet er å legge tilrette for miljøtiltak i ein personsentrert omsorgspraksis. Målgruppa for studiet er helse- , omsorg-  og sosialarbeidarar som arbeider i heimebaserte tenester, på dagaktivitetstilbod og institusjon.

Nasjonale føringar

Eit meir demensvenleg samfunn er målet i Demensplan 2020. På grunn av auka levealder og endra alderssamansetting, vil truleg talet på personar med demens verte dobla dei næraste 30-40 åra. Det vil vere trong for ulik type tenester i heimane, på dagsenter og i sjukeheimane, og yrkesutøvarane treng kompetanse i personsentert omsorg spesielt. Når ein skal spele på lag med pårørande vil også den kunnskapen kome godt med. Refleksjon over kva som er god omsorg i møte med sårbare grupper er sentralt.

  • Du kan søkje kommunen om støtte til studieavgift og andre utgifter. Kommunen kan få dekka utgiftene hos Fylkesmannen (kompetanseløftet 2020) etter søknad.
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Etter fullført emne skal studenten ha kunnskap om::

  • kognitiv svikt og demens
  • personsentrert omsorgspraksis og miljøbehandling
  • realitetsorientering, validering og erindringsarbeid
  • forskings- og utviklingsarbeid innan fagfeltet
Ferdigheiter

Etter fullført emne skal studenten kunne:

  • observere og kartlegge brukarane sine ressursar
  • planlegge og gjennomføre miljøtiltak individuelt og i gruppe
  • evaluere miljøtiltak
Generell kompetanse

Etter fullført emne skal studenten kunne:

  • handtere etiske utfordringar rundt tillitsskapande tiltak
  • identifisere sårbare situasjonar
  • reflektere over kva som er god demensomsorg
  • planlegge og delta i helsefremjande arbeid retta mot brukarar og pårørande
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet er organisert med 2 samlingar om hausten 2019 og 2 samlingar om våren 2020, kvar samling på 3 dagar. Undervisninga vil ha ulike former som førelesingar, praktiske øvingar, prosjektarbeid, framføring, rettleiing og sjølvstudium. Studentane som kjem frå same arbeidsplass dannar læringsgrupper som skal møtast mellom samlingane. Studentane får tilgang til eit eige elektronisk klasserom (Canvas), der m.a. program for samlingane, førelesingar og studentarbeid blir tilgjengeleg.

Det er obligatorisk frammøte (dvs. krav om 80% frammøte). Sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Høgskulen sender karakterutskrift automatisk når emnet er fullført.

Miljøterapi i demensomsorga
Navn: 
Miljøterapi i demensomsorga
Emne2019 Haust2020 Vår
7.57.5
Kostnader

Studieavgift  kr. 15 000 

(kommunane kan søke om kompetansemidlar frå Fylkesmannen til å dekke studieavgifta m.a.)

Ansvarleg
Eli M. Fjeldseth Røys, efr@hivolda.no tlf. 70 07 52 99 eller 95 21 33 01 og Ellen Madsen Andenes, ellen.andenes@hivolda.no tlf. 70 07 53 96