See list of study plans starting on:

Norsk 2 for 1.–7. årssteg, Kompetanse for kvalitet

Studieprogram: 
Norsk 2 for 1.-7. årstrinn, Kompetanse for kvalitet
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2019
Studieplassar: 
30
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Fullført lærarutdanning (allmennlærar-, grunnskulelærar-, eller praktisk-pedagogisk utdanning) og fullført Norsk 1 i lærarutdanninga (grunnskulelærarutdanning eller allmennlærarutdanning). Studiet er reservert for lærarar i grunnskulen som er tatt opp gjennom Kunnskapsdepartementet sitt program for vidareutdanning, «Kompetanse for kvalitet». 

Om studiet

Norsk 2 for 1.–7. årssteg gir ferdig utdanna lærarar den formelle kompetansen dei treng for å kunne vere ein fagperson i norsk på barnesteget. Studiet gir kunnskap og kompetanse om sentrale faglege emne som lese- og skriveopplæring, og om norskfaget si legitimering som reiskaps- og danningsfag. Vidare skal studiet gi kompetanse på arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene, bruk av digitale verktøy i lese- og skriveopplæringa og tilpassa opplæring, mellom anna til elevar med norsk som andrespråk. Det vert lagt vekt på at studentane relaterer kunnskapen til eigne erfaringar frå skulen.

 

Læringsutbytte

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram (eller utdanning)

 

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om norskfaget som danning- og reiskapsspråk
  • har kunnskap om litteraturhistorie og brei kunnskap om skjønnlitteratur frå ulike tider, for barn, unge og vaksne
  • har brei kunnskap om litteraturdidaktiske tilnærmingar og kunnskap om ulike litteraturteoretiske perspektiv
  • har brei kunnskap om skriving og læringsfremmande vurdering, samt bruk nasjonale prøver 
  • har kunnskap om dokumentanalyse som relevant forskingsmetode i norskfaget
  • har kunnskap om språkhistorie, språklege endringsprosessar i eldre og nyare tid og gjeldande normering av nynorsk og bokmål  
  • har omfattande kunnskap om språkleg variasjon og norsk som første- og andrespråk
  • har kunnskap om nordisk tekstkultur
  • har kunnskap om norskfaglege digitale læremiddel
Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke grammatikk- og språkkunnskap, tekst- og litteraturkunnskap i analyse av munnlege, skriftlege og multimodale tekstar
  • kan legge til rette for variert arbeid med skjønnlitteratur og sakprega tekstar i tradisjonelle og moderne medium
  • kan bruke relevante metodar og ny teknologi på måtar som fremjar samarbeid og fagleg progresjon i den vidare lese- og skriveopplæringa
  • kan legge til rette for at elevar på trinn 1–7 lærer å lese, skrive og diskutere saktekstar og skjønnlitterære tekstar i ulike sjangrar og medium
  • kan skrive akademiske fagtekstar på nynorsk og bokmål
  • kjenner til dokumentanalyse som relevant forskingsmetode i norskfaget
  • kan bruke kunnskap om didaktikk for å undervise fleirspråklege elevar
  • har kunnskap om språkhistorie og dialektar og kan nytte nynorsk og bokmål skriftleg og undervise elvar i begge målformer
  • kan formidle fagstoff om språk, litteratur, tekstar og medium skriftleg og munnleg og gjennom andre relevante og varierte uttrykksformer 
Generell kompetanse

Studenten:

  • har innsikt i grunnskulefagets historie og i sentrale fagdidaktiske og yrkesetiske problemstillingar
  • kan formidle fagstoff om språk, litteratur, tekstar og medium skriftleg og munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer 
  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere fagleg utviklingsarbeid i møte med framtidas skule 
  • kan vise faglig engasjement i viktige spørsmål om skule og opplæring
  • kan forholde seg sjølvstendig til forskingsetiske problemstillingar
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet er samansett av to emne på 15 studiepoeng kvar, begge med avsluttande eksamen. Emne NOR2A-17KFK er lagt til haustsemesteret, og emne NOR2B-17KFK er lagt til vårsemesteret.

Emnet er kombinert nett- og samlingsbasert med 2 samlingar i Volda kvart semester. Kvar samling går over to dagar. Mellom samlingane vert det lagt ut nettleksjonar og gitt undervisning via  Adobe Connect. Innlevering av arbeidskrav og individuell rettleiing skjer via Canvas. Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett, nødvendig programvare og utstyr som webkamera og hovudtelefon med mikrofon. 

Studenten er sjølv ansvarleg for å sikre tilgang til Canvas (helst laste ned appen), då all informasjon blir gitt der. 

Sjå emneplan for utfyllande informasjon om studiet.

Norsk 2 for 1.–7. årssteg, Kompetanse for kvalitet
Navn: 
Norsk 2 for 1.–7. årssteg, Kompetanse for kvalitet
Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Ansvarleg
Pernille Fiskerstrand, pernille@hivolda.no, 7007 5461