Matematikk 2 (5-10) - Vidareutdanning for lærarar (Nettbasert) oppstart vår
Gjennom studiet skal studenten tileigne seg eit solid didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på 5.-10. steg. Studenten skal få kompetanse til å undervise i matematikk i dagens skule, samstundes som han/ho skal kunne vere med å utvikle og forme matematikkfaget i framtida.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten
- har undervisningskunnskap knytt til ulike matematiske bevis- og argumentasjonsformer, og erfaring med matematiske teoribygningar
- har god kunnskap i matematisk analyse og talteori, og kunne relatere dette til det matematikkfaglege innhaldet i grunnskulen
- har kunnskap om den matematiske oppdagingsprosessen
- har kunnskap om matematikkdidaktisk forsking med relevans for utvikling av undervisningskunnskap i matematikk og elevars læring
- har inngåande undervisningskunnskap knytt til progresjonen i matematikkopplæringa gjennom grunnskulen
Studenten
- kan arbeide teoriforankra og systematisk med kartlegging av matematikkvanskar og opplæring tilpassa elevar som har matematikkvanskar, til dømes gjennom strategiopplæring
- kan bidra i lokalt læreplanarbeid
- kan vurdere elevane si læring i faget som grunnlag for tilrettelegging av undervisning og tilpassa opplæring
Studenten
- kan bruke både matematikkfaglege og -didaktiske kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte
- kan initiere og leie lokalt utviklingsarbeid knytt til matematikkundervisning
- kan delta og bidra i arbeid med tanke på å betre matematikkfaget sin praksis
Emnet er nettbasert med to obligatoriske samlingar i Volda kvart semester (Jf. Forskrift om studium og eksamen § 4-6. http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/§4-6). Nettundervisninga vert gitt i Canvas og Adobe Connect. Begge emna i studiet har arbeidskrav som må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen.
Emne | 2020 Vår | 2020 Haust |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |
Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett (av god kvalitet), nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon.
Studiet inneheld ikkje eigen praksis. Studentar som ønskjer å bruke studiet som del av ei grunnutdanning som lærar må i samarbeid med gradsgivande institusjon sørge for at praksiskravet i utdanninga blir stetta.
Studiet har ei studieavgift på kr. 8000,- (kr. 4000,- pr. emne) + semesteravgift.