Matematikk 2 (5-10) - Vidareutdanning for lærarar (Nettbasert), oppstart vår
Gjennom studiet skal studenten tileigne seg eit solid didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på 5.-10. steg. Studenten skal få kompetanse til å undervise i matematikk i dagens skule, samstundes som han/ho skal kunne vere med å utvikle og forme matematikkfaget i framtida.
I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten
- har undervisningskunnskap knytt til ulike matematiske bevis- og argumentasjonsformer, og erfaring med matematiske teoribygningar
- har kunnskap i matematisk analyse, talteori og trigonometri, og kan relatere denne kunnskapen til matematikkfaget i grunnskulen
- har kunnskap om bruk av digitale verktøy i matematikk
- har kunnskap om matematikkdidaktisk forsking med relevans for utvikling av undervisningskunnskap i matematikk og elevar si læring
Studenten
- kan arbeide teoriforankra og systematisk med matematikkvanskar og tilpassa opplæring
- kan vurdere elevane si læring i faget som grunnlag for tilrettelegging av undervisning
- kan bidra i lokalt læreplanarbeid
Studenten
- kan bruke både matematikkfaglege og -didaktiske kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte
- kan initiere og leie lokalt utviklingsarbeid knytt til matematikkundervisning
- kan delta og bidra i arbeid med tanke på å betre matematikkfaget sin praksis
Studiet er nettbasert med to obligatoriske samlingar i Volda kvart semester. (Jf. Forskrift om studium og eksamen § 4-6. http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/§4-6).
Studiet er sett saman av to emne à 15 studiepoeng, eitt om hausten og eitt om våren. Begge emna har arbeidskrav som må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen.
Emne | 2023 Vår | 2023 Haust |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |
Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett (av god kvalitet), nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon.
Studiet har ei studieavgift på kr. 8 000,- (kr. 4 000,- pr. emne) + semesteravgift.